Drum Eyes – Gira Gira

Standard

Eit ikkje utprega behagelig åtak, tufta på omskiftelige synthpåfunn og tribal hamring.

5

cover

Det er ikkje fred og ro dei tilbyr bandet Drum Eyes. Det er lyd i spora deira, mykje lyd. Ein vrang, vill og veldig lyd. Og med ein ikkje akkurat utbreidd vilje til å la det fagre og lyse sleppe til. I eit bilde dominert av mang slags synthetisk gnissel og trommer som insisterer på å markere seg. Det kan kanskje kallast noko slikt som elektrostatisk krautrock anno 2010.
Frå Brighton. Med ein frontfigur som kom dit for nokre år sidan, frå Tokyo. Shigeru Ishihara heitte han då. Dj Scotch Egg har han ofte kalla seg sidan. Og stått bak utagerande sceneopptrinn, med sampla Gameboy-lydar, suspekte dansetrinn og anna moro. Shige kallar han seg når han spelar opp med Drum Eyes. På bass, synthesizer og Gameboy. Med seg har han først og fremst tidlegare Boredoms-trommis E-Da. Men også ein Kai på gitar, og ei lita handfull aktørar på diverse andre lydbringande saker.

Idear og innfall skortar det ikkje på. Så ei plate i eit einspora bilde kan Gira Gira vanskelig seiast å vere. Om den så er i eit interessant nok bilde, vel det er eit anna spørsmål. Delvis vurderer eg svaret å vere. Ja delvis, for energien og den sterke viljen går seg litt bort til tider. Mister litt grepet, blir litt utflytande, eller blir litt vel ekstatisk.
Utan ord. Det menneskelige taleorgan slepp berre til med eit par-tre brøl. I Future Yakuza skjer det, når plata er på sitt mørkaste. I ein støymetallisk opningssekvens. I ei låt som strekker seg ut i ti minutts lengd. Metallvesenet sklir etterkvart av den, men ikkje mørkret.

Eit mørkret som har eit solid grep om dei sentrale partia av plata. Omkring det urovekkande synthtemaet som er Future Police (at låta innimellom opnar for lyset gjer den i grunn berre endå meir upålitelig). Omkring den hakkande brutaliteten som er Gyanza. Og omkring den kraftfullt trommedansande (Bonham møter Leibezeit) og elektrisk fresande 13 Magician.

Innramminga har eit litt lysare vesen. Det sonisk mangesidige opningssporet 50-50 sitt lengste parti skapar i alle fall ein illusjon av sprudlande fargerikdom. Medan avsluttande Hana B er ein saktegåande dub-affære med spor av ei austleg tonedrakt, og eit glimt av ein soloppgang. Ein slags soloppgang, etter apokalypsen kanskje.

Ein bør ikkje vere lettskremt om ein slår til og spelar Gira Gira på høgt volum i dunkel lyssetting medan hauststormen bankar på vindaugsrutene. Men det kan vere verdt å prøve. Trur eg.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s