Vennlegsinna og vestkystforma tonar for ein døsig sommarettermiddag.
5
Ingenting er annleis. Kjærleikens vilkår er det sentrale temaet på Down the Way også. Den som brenn, den det er eit håp for, og den som er rusta eller heilt fordufta. Formulert og sunge i roterande rekkefølgje av dei to som har sett sitt namn på coveret. Søskenparet Angus og Julia Stone.
Då dei to vaks opp skoda dei utover Stillehavet frå utkanten av Sydney. Tonane dei omgjer seg med her gjer lite for å skjule at dei meir enn gjerne skodar utover det same havet frå ei strand i California også.
Down the Way er det andre albumet til søskenparet. Dei har ekspandert den nøkterne kassagitarlyden som prega det tre år gamle debutalbumet. No er gitaren rett som det er elektrisk, trommene markante, og strykarar kringset mang ei strofe. Stundom kunne eg tenkt meg at dei hadde helde meir tak i det varlege. For det hender at intensiteten ein sporar der svinn hen for dei når lyden veks.
Men dårlige blir aldri desse songane deira. Til tider vert dei endåtil riktig så gode. Som når California, Heart Of Gold, og regnbogen vert omfamna i Angus sin døsigelektriske Yellow Brick Road. Eller når Julia seier adjø til sine Santa Monica Dreams i eit skjørt folkarrangement, og broderen korar med lengt i sinnet.
Dei skriv altså songar kvar for seg. Men syng dei med ein veldig så nyttig harmonibistand frå den andre. Julia syng sine med ei pre-pubertal røyst, som kan skape inntrykk av noko skjørt og naivt. Litt er det kanskje slik også, men ho seier også klart i frå. Som når ho i opningskuttet Hold On ganske så bestemt gjer fylgjande linje til eit mantra; «hold on, what did you say that for?».
Angus syng sine songar med ei slentrande smått uvøren røyst. Songar som tematisk spenner over eit rimelig vidt register. Frå kald djevelskap i Black Crows til høgtflygande lykke i Big Jet Plane. Av songane som fortener stempelet riktig så gode, kjem nok fleire frå hans hånd, enn frå søstera si.
On the Road heiter ein i denne klassen. Grepet om el-gitaren er bra, vestkystlyden blir tilført eit southern-sting, og refrenget står opp for det enkle; «she don’t like it when I’m on the road». To til: Hush med sitt eggande driv, si luftige utforming, og sine attraktive countrykolorerte tonar. Og Draw Your Swords, som klorar seg fram frå ulmande desperasjon, til full desperasjon, med ein Angus som hevar røysta meir enn nokon annan stad; «you are the only one».
Tretten songar pluss eit bonusspor, og det tar ikkje slutt før timen er passert, og vel så det. Litt meir enn eg vel eigentlig kjenner at eg treng. Men den bunka av gode songar som veks seg anstendig høg undervegs tar eg gjerne med meg vidare.
Først publisert på Groove.no (i 2010)