Toby Keith – American Ride

Standard

Kapittel 13 i Toby Keith sitt velregisserte og uinteressante ritt langs toppen av hitlistene.

2

cover

På baksida av coveret kan vi sjå Toby Keith i klassisk redneck-positur, sittande på ein Harley Davidson der bensintanken er drapert i det amerikanske flagget. I innleggsheftet står fylgjande å lese: «Don’t apologize for being patriotic. Support the Troops». Hans takkseiingar går til «My Lord and Savior Jesus Christ», familien, og sponsorane. Sånn er Toby Keith. Ein countryartist dynka i amerikanske verdiar og mannemannmyter av det slaget ein sosialdemokratisk liberalist frå Norge kan finne det vanskelig å hanskast med. Ja, helst vil snu seg bort i frå, og så finne fram den der plata med Steve Earle i staden.

Den der med ein song som går slik:

I’m just an American boy raised on MTV
And I’ve seen all those kids in the soda pop ads
But none of ’em looked like me
So I started lookin» around for a light out of the dim
And the first thing I heard that made sense was the word
of Mohammed, peace be upon him
A shadu la ilaha illa Allah
There is no God but God

Toby Keith ville aldri ha funne på å ta slike ord i sin munn. Aldri. Kva då med det heilt motsette? Ikkje på American Ride. Det meste her handlar om tilstanden mellom han og henne, om gode venner, og mindre gode venner, og ein og anna barsituasjon med ein øl, eller tre for mykje. Samfunnskommentarar dukkar i grunn berre opp i to låtar. I den første (tittellåta), og i den siste (Ballad of Balad). Men det er ikkje eit fullt ut eindimensjonale bilde som blir malt. Faktisk ikkje.

Tittellåta er ein sonisk frisk og feiande countryrockar der den amerikanske livsstilen får vel så mange spark på leggen som klapp på skuldra. Kanskje fordi Keith og hans folk har stukke fingeren i veret og funne ut det er slikt det er klima for no. I same vindedrag kan dei også ha fått snusen i at det er blitt ei utbreitt meining at den der krigen nok ikkje er heilt svart-kvit. Avslutningssporet kan nemlig tolkast like mykje som ein kritikk til desse som går rundt og vervar fattige unge menn til krigen, som ein tributt til soldatane (sjølv om det er det siste også, så absolutt).

Så veldig godt synst eg no uansett ikkje om desse songane til Toby Keith. Ikkje dei han presenterer på American Ride, og ikkje dei eg har høyrt frå hans tidlegare plater. Årsak; det er ikkje songar med hjerte, blod og sjel, det er salsvarer. Det er songar han har laga på rein rutine. Forma og skapt i positurar han har erfart fungerer. Breibeinte, opportunistiske og melodisk heilt ufarlige positurar. Og i så måte kan dei sikkert skaffe Toby Keith endå større tal som han kan skryte av neste gong han skal fortelje om kor mange hits han har hatt, og kor mange millionar plater han har selt.

Før eller seinare vil eg no likevel tru dei fleste har fått sin dose av dette her, og mannen vil forsvinne inn i den store gløymeboka. Inntil dess må han berre drive på for min del. Ein sjeldan gong kjem han til og med opp med noko eg kjenner at eg likar litt.

Eg nemnte tittellåta. Den fenger meg, i all sin velkjente «country på rocketur»-skapnad. Toby Keith har ikkje laga låten sjølv. Kanskje derfor at den er utstyrt med ein tekst der formuleringane kjem i rimelig raffinerte former. For slik plar ikkje tekstane til Keith vere. Dei plar stort sett vere nokså flate og blodfattige kvardagsskildringar, eller barske og skrytande utgreiingar, av det slaget som fort kan bli heller plumpt.

Det er berre dette tittelsporet han ikkje har laga sjølv. Resten har han skrive enten på eige hand, eller i kompaniskap med Bobby Pinson. Cryin» For Me har han skrive åleine. Og lagt sjela si i. Den handlar om saknet av ein nylig avdød venn. Den er varleg forma, med duvande saksofontonar. Den er fin.

Fleire enn desse to klarar eg ikkje like. Resten stegar fram i ulikt tempo, og litt ulikt mønster, men utan å gje tilkjenne noko personlig eller vinnande vesen. Det er for så vidt bra spelt og bra arrangert. Men det manglar friksjon, og er altfor … korrekt. Det er høyrt, og det er gløymt.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s