Eit høglytt varsla debutalbum som har mykje bra med seg, men absolutt ingenting grensesprengande.
5
Dei fleste sin veg mot debutalbumet plar svinge seg framover ganske så langt unna rampelyset. Det har ikkje Ida Maria sin gjort. Den har vore midt i. Der har ho samla bylarm og alarm-prisar, komme opp med eit par låtar som har fått utstrakt radiospeletid, og ikkje minst har ho dratt på seg eit durabelig live-rykte, som har nådd langt utover landets grenser. Forventningane til Fortress Round My Heart har med andre ord ikkje vore av den moderate sorten.
Om plata innfrir? Kjem ein til den med ei tru på at her vil ein verte overkøyrt av ei hyperaktiv og rått rockande dame, ja då vil ein trulig synast at dette var no litt i pyntelegaste laget. Kjem ein til den med tru på at Ida Maria følgjer i fotspora til ei ung PJ Harvey, eller viser seg fram som ein kvinneleg ekvivalent til den unge Iggy Pop, ja då vil ein nok konkludere med at ho manglar ganske så mykje på å bite i frå seg i same grad som desse. Kort sagt, kjem ein til Fortress Round My Heart i den tru å få ei oppleving utanom det vanlige vil ein sannsynlegvis sitte noko skuffa tilbake.
Lar ein derimot hype vere hype og møter Ida Maria som den freske og freidige dama ho er skal ein ikkje sjå bort i frå at ein vil oppleve at Fortress Round My Heart har litt av kvart å by på.
Ikkje minst er det herlig å oppleve at det går an å vere ung, norsk og dame utan å finne tryggleiken i kassagitaren eller på pianokrakken og ein melankolsk poptrudelutt som det einaste saliggjerande. Javisst kan ein kalle henne umoden og skulde henne for å forfalle til stereotype rock’n roll klisjear og pubertale fakter på tekstplanet. Og ein kan sikkert ta henne for å mangle ein god del på å stå fram som ein verkeleg eigenarta artist. Det er like fullt storarta å oppleve ein ung norsk artist som berre kastar seg ut idet, utan blygsel, utan kamuflasje og utan vernedrakt. Som har ei raspande stemme som ikkje vik og ein uomtvistelig låtskrivarevne, med fengande melodiske løysingar på programmet.
Det er veldig mykje pop og spretten rytmikk i rocken til Ida Maria. Meir enn det ho har gjort til kjenne i den Pixiesdynamiske og ganske så raudglødande kjenningsmelodien sin Oh My God. I den handklappa Louie blir det kanskje litt for spinkelt, og i Stella litt for rutineprega. Men når ho sparkar den pretensiøse og hule elskaren på leggen i eldfulle former i Forgive Me, og skrattar dagslyset i fjeset i den drivande Morning Light synest eg absolutt dama og hennar svenske medmusikantar skaper driftig poprock. Det gjer eg til ein viss grad også når ho høglytt og smertefullt ytrar tankar om å gje seg heilt over i Drive Away My Heart. Men denne tapar litt av gnisten sin i ein noko dull avslutningsfase.
I Like You So Much Better When You’re Naked kjem vel fort i båsen for dum og banal rock’n roll, samstundes som eg lett kan sjå meg sjølv, og ganske mange andre, gaule med på det skamlaust hektande refrenget framfor ein scenekant ein stad. Der står eg også gjerne og syng med på den sonisk sett meir slitesterke Queen of the World.
Sjølv om det motsette så vidt har blitt ytra frampå om, av folk som måtte ha interesser i dei retningar, har nok Ida Maria eit godt stykke att før både verdsherredømme eller andre meir nøysame titlar kan innkasserast. Ei frisk og motig dame er ho like fullt, som veldig fort kan ho noko meir substansielt å by på allereie rundt neste sving.
Først publisert på Groove.no (i 2008)