Diverse Artistar – We Are Only Riders: The Jeffrey Lee Pierce Project

Standard

Ein mørkkledd bande gjer personlige tolkingar av heller ukjente Jeffrey Lee Pierce-songar.

6

cover

At 80-talet har eit dårlig rykte skal ikkje Jeffrey Lee Pierce få skylda for. Han fekk for lite lys på seg til det, og han opererte i ei anna tidsånd enn den dette ryktet handlar om. I eit mørkt hjørne nokre soniske mil unna pastellfarga plastikktonar spelte han og hans stadig skiftande Gun Club sin blues. Utan sikring, med stor uro, og med skitne knep. Spor av country og rockabilly var det også å høyre, og punk, og ei djevelsk ånd som visste og forsyne seg frå der den dirrande rocketonen held hus.

Folk stod ikkje i lange køar for å skode inn i hjørnet hans. Men fleire av dei som gjorde det vart aldri kvitt det dei såg, og høyrde. Det blei med dei, inn i deira eigen musikk. Nokre av dei ærar i desse dagar mannen med eit tributtalbum, av songar han har laga.

Han lagar ikkje lenger songar. Det er lenge sidan han slutta med det. Han døydde i 1996, 37 år gamal. Ei hjernebløding var visstnok den offisielle årsaka. Men han hadde også ei lever som for lengst hadde sunge sitt siste refreng. Jeffrey hadde forsynt den og resten av kroppen med nok av usunne stoff i løpet av åra han vandra rundt her.

På slutten av 70-talet kom han til Los Angeles, oppdaga punkrock, skreiv i musikkfanziner, beundra Debbie Harry, vart kjent med Kid Congo Powers, og ein idé om å ramponere blues og rockabilly vaks fram. The Cramps kryssa deira spor med ein liknande idé, og tok med seg Powers i same slengen. Jeffrey rekrutterte nokre nye fyrar og spelte inn The Gun Clubs debutalbum, Fire of Love. Ein punkfrisk og psycho mikstur av blues, rockabilly og Sex Beat. Året etter kom neste album, Miami. Ein kokande ørkenrockseanse med eit mørkare og meir innestengt sinnelag. To meisterverk på to år. Bandmedlemmer kom, gjekk, kom, vart sparka, og så vidare. Jeffrey var ingen enkel mann å omgås. Men plater vart det, utove tiåret og inn i det neste. Ingen av kalibere til dei to første, men dei fleste var godt stoff.

På byrjinga av nittitalet ville Jeffrey spele inn si andre soloplate. Ei countryplate, var tanken. Det vart ei bluesplate. Utav det den plata ikkje vart er det at prosjektet We Are Only Riders har vokse fram.

Saman med gitaristen Cypress Grove spelte Jeffrey inn skjelettet av tre countrysongar. På ein kassett, som etterpå hamna i ei eske saman med andre kassettar på loftet til Cypress Grove. Og tida gjekk, og støvet kom. Inntil Grove ein dag fant ut at han skulle ha ei alvorlig vårreingjering. Då han kom fram til eska med kassettane rota han litt halvnysgjerrig rundt blant dei. Lite var av interesse, men ein fanga blikket hans. JLP Songs stod det å lese bakom støvlaget, og Grove kom i hug denne seansen for mange år sidan. Lydkvaliteten var semmer, låtane slett ikkje ferdige. Men noko var det med dei. Han fekk dei ikkje utav systemet, og ein tanke byrja vekse.

Kva med å få med nokre venner i ånda, og gjere songane ferdig? Tanken materialiserte seg til ein realitet. For dei tente på ideen, både Nick Cave, Mark Lanegan, David Eugene Edwards, og nokre til av same slaget.

The Jeffrey Lee Pierce Sessions Project er med andre ord ikkje eit prosjekt der artistar av ymse slag plukkar songar frå den øvste hylla til den som skal ærast. Det er eit prosjekt der dei medverkande har leita under støvlag og innerst i kroken etter skattane. Vel vitande om at i tilfellet Jeffrey Lee Pierce ville slikt kunne finnast der også.

Dei tre songane frå kassetten er det sentrale her. Dei kjem kvar og ein i tre ulike versjonar. Nokon meir ulike enn andre, men alle i ånda til opphavsmannen. Alle i eit mørklagt countryfolkbilde. Dit aktørane har tatt seg inn, og sett sin eigen signatur på tonane.

Sterkast inntrykk gjer to versjonar av Ramblin» Mind. Innleiingsvis i velkjent og ranglande Nick Cave skapnad, noko seinare forma i den intense ånda til David Eugene Edwards. Begge desse karane gjer seg sterkt gjeldande på kvar sitt spor til. Edwards går saman med ein bande som kallar seg Crippled Black Phoenix ganske så halsbrekkande til verks på Just Like a Mexican Love. Cave dukkar opp i ein flott duett med Debbie Harry i ei av dei tre utgåvene av Free To Walk. Ei låt som Mark Lanegan og Isobel Campbell gjer ein kanskje endå betre duett av ein annan stad. Ein Lanegan som også fører den tredje songen frå kassetten Constant Waiting inn på sitt skyggefulle spor.

Lengst unna Jeffrey Lee Pierce sitt soniske univers er nok The Raveonettes og deira oppfuzza versjon av Free To Walk. På tre spor har arkeologane fått med Jeffrey sjølv på gitar. Elles møter vi på kjenningar som Johnny Dowd, The Sadies, Cypress Grove, Mick Harvey og Lydia Lunch. Sistnemnte si krokete røyst har fått fleire låtar til fri disposisjon, mellom anna avslutningslåta, Walkin» Down the Street. Ein jumpande bluessak med Dave Alvin på gitar, eit intoksikert midnattskor, og ei Lydia som bannar og sver, og inderlig håpar at Jeffrey der han no held til måtte ha «God on the run, an angel in his back pocket, and the devil on his side». Slik det vel på mange vis også var då han vandra rundt her.

Eit tributtalbum ikkje heilt som andre tributtalbum altså. Og kanskje nettopp derfor vel så interessant som dei fleste av det slaget. Det skadar sjølvsagt ikkje at songane er gode heller. Slik dei oftast var dei Jeffrey Lee Pierce laga.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s