Det er rust på stemmebandet, men langt mindre av det i maskineriet som driv dei dugande countryfolktonane.
5
Ganske så godt gøymt inne i skuggen av rampelyset har Malcolm Holcombe, i meir enn ti år, sunge sine songar, og gitt ut sine plater. Alle forma i eit country/folk mønster, med varierande grad av blues i ord og tone. Not Forgotten titulerte han, for eit par-tre år sidan, sitt femte album av dette slaget. Ikkje så lenge etter vart han ønska velkommen til labelen Echo Mountain, den anerkjente Ray Kennedy (Steve Earle, Lucinda Williams, Ron Sexsmith) sette seg i produksjonsstolen, og Gamblin» House vart til.
Det første karakteristiske trekket ein merkar seg, sånn cirka etter tre sekund, er røysta til Malcolm. Den er av dette, mildt sagt, grovskorne og rustne slaget. Fostra på rullings og vaska i whiskey. Eit par snøvlete stønn til venstre for pianokrakken til Tom Waits.
Det neste ein legg merke til er at songane hans høyrest ut til å vere av bra stoff. Dei fleste i alle fall. Deretter merkar eg meg at det heile er meisla i hop i eit semi-akustisk bilde der luft og liv har fått større prioritet enn elegante strøk og soloutspel. Langt større. Og så har eg merka meg at det heile er fort over. 12 songar på ein dryg halvtime.
Det er på ingen måte dei høgtflygande eller ambisiøse tankar som ligg bakom desse songane. Det er kvardagstankar, kvardagshendingar og kvardagstonar. Enkelt skildra, enkelt forma, og på ingen måte gjort vanskeligare, eller prøvt overdøyvd, av den vesle gjengen som spelar med bakom Holcombe.
Pinsler og uttålelige smerter grev han seg ikkje ned i. Men eit vemod kan ein meir enn ane. Når han presenterer oss for dei nokså desillusjonerte grubleria til ein gammal sliten mann i den John Prine-slekta visa You Don’t Come See Me Anymore. Når han i tittelkuttet, i sugande folkblues-former, lar ein hutrig fyr slenge problema sine på bordet. Eller når ei rotlause og forfylla sjel Goin» Downtown, i Waits skapnad, med tomme lommer, og ein brennande blues i mellomgolvet.
Men det kan vere velstand også. I My Ol» Radio. Der han til trivelige countrytonar minnest tida då musikkinteressa vart forma. Hos den gitarspelande naboen (og hans døtrer), og i selskap med dei rette stasjonane på den gamle radioen. Til sin kjære syng han Baby Likes A Love Song. Ei vise fundert på enkel kvardagsfilosofi og ekte kjærleik. Det siste møter vi også att i tributten Cynthia Margaret, «an angel of mine». Men den aller flottaste kjærleikserklæringa, sjølv om bakteppet har sine feiltrakka og vaklande spor, tenker eg From Lovin» You er (John Prine-slekta den også);
Ev’ry lie that I told
Ev’ry lie that I heard
… …
Ev’ry slammin» of the door
Ev’ry slammin» word I cried
Can’t stop me from lovin» you
I tolvte og siste låt vert han så litt sosialpolitisk, og gjev ordet til ein svikta og trengande. Sånn går refrenget;
I chainsmoke and complain, goin» broke inside
your silly smile on TV stinks a country mile
I’d rather have a home i can believe in
Ein song han fylgjer opp med å dedisere albumet til «the victims of incompetent leadership».
Ein likandes kar denne Malcolm Holcombe. Med mykje likandes på programmet. Om enn ikkje av det slaget som set sine aller djupaste spor.
Først publisert på Groove.no (i 2009)