Hayes Carll – Trouble In Mind

Standard

Carll bringer texastrøbbelet til torgs ved hjelp av ei skarp formuleringsevne og solid melodisk innsikt.

7

cover

Kanskje var eg litt vel overivrig og sjenerøs då eg for nokre år sidan premierte texanaren Hayes Carll sitt debutalbum med seks groovepoeng og gav det statusen beste debutalbum i countryklassen sidan Guitar Town. Men eit friskt album var det, Flowers & Liqour, og det bar på ein lovnad om at Carll hadde i seg låtskrivarevner som på sitt beste nær kunne touche det store Texastrubadurar som Townes Van Zandt, Guy Clark og Lyle Lovett hadde gjort før han. Så å kalle han ein av dei mest løfterike nykomarane i denne etter kvart så mannsterke og kvinnesterke tradisjonen skulle i alle fall ikkje vere å ta munnen for full.

Oppfylgjaralbumet Little Rock (frå 2005) stod absolutt ikkje tilbake for det han gjorde på debuten. Det gjer heller ikkje på noko vis Trouble In Mind, hans tredje fullengder. Eit album som kjem ut med ein tyngre label i ryggen, Lost Highway, enn kva som var tilfelle med dei to første. Eit album som strir og svingar seg gjennom ulike variantar av velkjent texastrøbbel. Men som gjer det med nok personlegdom i både ganglag og ordval til at det kjem i mål med ei solid leiing til dusinvarefeltet.

Med fiolin og el-gitar i funksjonelt samspel vert standarden sett med frivole Drunken’s Poet Dream. Eit kutt Carll har skrive i kompaniskap med texaskameraten Ray Wylie Hubbard. Og draumen han syng om har form av ei respektlaus kvinne som utan blygsel kan slenge fram forslag som «you be the sinner honey and I’ll be the sin». Femti minuttar seinare presenterer Carll oss for ei kvinne med eit litt anna syn på tilværet. She Left Me For Jesus freser den forsmådde hovudpersonen. Ja det er ikkje til å leve med, for ho hevdar at denne Jesus er heilt perfekt, og kven kan leve opp til det? Ho har kutta ut whiskey å byrja drikke vin, og sist gong dei elska, vel, «she even called out his name». Så no har vår mann berre ein tanke i hovudet; «if I ever find Jesus, he’s gonna wish he were dead».

Innimellom desse ikkje akkurat alvorstunge tilfella serverer Hayes Carll også sin vesle dose av tårekrydra dråpar, men den er avgjort mykje mindre enn hos dei fleste andre av hans musikalske slektningar. Carll søker å ha litt distanse til dei mest hjerteknusande og problemfokuserande tilstandar. Carll er nok litt tøffare i trynet, litt røffare i sjela, litt kvassare i fråsparka og litt meir hardtslåande enn den etterkvart så velkjente melankoliovermanna og sterkt lidande trubadur.

I Girl Downtown fortel han ein sjarmerande kvardagshistorie om eit møte mellom to unnselige sjeler. Den ikkje altfor attraktive Katie, med frekner på nasa og ketchup på kleda, og den sjenerte Billy. Men kven veit, «maybe we could be the one». Då er nok utsiktene atskillig dårligare for dei to nestenelskarane i It’s A Shame. For som mannen seier det, «it’s too late, another path has come and gone again, I’m at the back door with a broken window view, thinkin'». Det er ei nyinnspeling av ei låt som også var med på debuten. Ikkje fordi det var ein dårlig versjon, mest fordi det rett og slett er ei steikande god låt, skulle eg tru.

Lengst nede i whiskyglaset er mannen i den angerfulle balladen Don’t Let Me Fall, og i nydelige Willing To Love Again, der han undrar seg over kvinna si som tydeligvis er villig til å tilgje det meste; «I broke your heart a thousand times, with wasted nights and ramblin» rhymes … I spend my life on this broken crutch, and you believe I could fly».

No trur eg absolutt ikkje det er seg sjølv Carll har oppe til debatt i dei fleste songane på albumet, men eit par av dei mistenker eg bygger på minner om ting som har skjedd han. Svingande Faulkner Street fortel om viltre og festfulle ungdomsdagar der dei tre orda i albumtittelen leiar an i refrenget. Medan den fyndige countryrockaren I Got A Gig tar for seg tider då spelejobbane kom tett, men det var langt mellom tilhøyrarar som brydde seg like mykje om det som skjedde på scena som det dei kunne få til å skje i krokane.

Carll gjer også eit par coverversjonar. Den friterte boogierockande Bad Liver And A Broken Heart komponert av ein kamerat av han, Scott Nolan, og ikkje av Tom Waits, høyrer til i kategorien dugande. Waits er på si side mannen bak I Don’t Wanna Grow Up. I Hayes Carll tapning er den sjølvsagt meir country enn kva Waits presterte i sine Bone Machine-dagar. Men eg trur ikkje eg kan seie den er svakare. Svakt er i grunn eit ord som aldri dukkar opp i tankane den tida Trouble In Mind fyller rommet, og lagar bølgjer både i whiskyglaset og countrygenet.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s