Shapes and Sizes – Split Lips, Winning Hips, a Shiner

Standard

Ein ung Canadisk kvartett med eit lausleg forhold til hevdvunnen låtstrukturering.

5

cover

«Ingen tråder holder meg» song Pinocchio, idet han lausgjorde seg frå Gepetto sin kontroll og fòr ut i verda på eiga hand. Slik eg opplever dei er det noko av det same Vancouver-kvartetten Shapes and Sizes forsøker seg på. Berre at deira lausrivingsprosess er retta mot den gjengse oppfatninga av korleis ein song skal henge saman. Rastlause, og utan hemningar i skreppa, søker dei fire seg mot utkanten av konvensjonell åtferd. Der låtstruktur og instrumentmanøvrering har eit lausleg forhold til det hevdvunne.

Den raft titulerte Split Lips, Winning Hips, a Shiner er Shapes and Sizes sitt andre album. Den knapt året gamle sjølvtitulerte debuten skal etter rykta rave rundt i endå meir intoksikerte og frirockande former. Så eg veit ikkje heilt om eg vil oppsøke den. Førebels har eg i alle fall meir enn nok med denne.

Den kanskje tøffaste utfordringa ein står overfor når ein eksperimenterer såpass fritt med låtstrukturen som det denne gjengen gjer er å halde fast i eit groove. Samstundes som ein også kan stå i fare for å miste både det melodiske og det dynamiske av synet. Shapes and Sizes får ting til å virke drygt halvparten av tida, medan dei i større eller mindre grad rotar det til resten av tida.

Eit dominant aktivum på plata er kvinna i gjengen, Caila Thompson-Hannant. Den uttrykksfulle røysta hennar er både høgt og lavt, aggressiv og eggande, som eit barn av Siouxsie Sioux og Patti Smith. Utan at underteikna klarer å få eit tydeleg bilde av kva ho har å melde. Det er sannsynlegvis ein god del, men det er no ein gong slik med Caila og gjengen at dei har det med å skifte retning og fokus i eit nesten skamlaust tempo, slik også på tekstfronten. Eg snappar opp skildringar av smerte, både av det slaget andre har forårsaka, og den ein må ta ansvaret for sjølv. Eg kan høyre ho komme med velvillig innstilte ytringar, for så i neste augeblikk å spytte ut noko nedsettande. Og eg kan høyre ho i samsong med Rory Seydel uttale at «victory in war, oh what a bore».

Rory Seydel, som også spelar gitar på mang slags vis, har forresten det vokale hovudansvaret på tre-fire spor. Spor som nok ligg nærare indierocken slik vi kjenner den enn det spora der Caila regjerer gjer. Hengslete i Wolf Parade retning i Teller/Seller og vimsete i Pavement retning i Can’t Stop That (Sinking) Feeling. Men det er nok helst som gitartraktør ein merkar seg Sedel. Vekselvis i knirkande og blødande fasong i sterke The Horses Mouthly Mouth, eller full av kvasse grimasar som i den Fiery Furnaces slekta Highlife (I Had Been Duped).

Trommeslagar og perkusjonist Jonathan Crellin må også ta sin del av ansvaret for at dette er saker som nektar å vere i ro. Og særlig legg ein merke til han i det tribale drivet han manar fram i Victory In War, og i villskapen han sleppe laus i Piggy.

Det skortar med andre ord verken på utforskartrong eller pågangsmot hos dei unge Canadiarane. Like fullt kunne dei nok av og til ha komme betre i frå det med å samla seg litt, og køyre eit meir retningssikkert løp. Utan at eg på noko vis ynskjer dei inn på trygg og konvensjonell grunn. Der har vi som kjent mange nok frå før.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s