Eit drygt kvarter med oppfuzza popsnop frå eit vitalt område av vårt vesle land.
6
Eg har ikkje lukkast med å finne oppteikningar eller historiske kjelder som kan fortelje meg noko om kor og under kva omstende Frode Strømstad hadde si tid som konge. Men pseudonymet han no nyttar tyder i alle fall på at det er noko som høyrer fortida til. Det gjer ikkje tonane han serverer. Dei er veldig no, og dei klorar seg fast. Stort sett.
Med stor iver og ei balstyren gitaråtferd ristar og vrir Strømstad og hans medskyldige ein liten pose melodisk sukkertøy på eit såpass uforsiktig vis at det ikkje er eit einaste uskada stykke igjen i posen når dei er ferdige. Utan at innhaldet blir mindre tiltalande av den grunn. Snarare tvert imot.
Frode Strømstad er frå Egersund, og han har her fått med seg ein ikkje heilt ukjent kar frå dei same sørlandske traktene, Emil Nikolaisen, som sin viktigaste partner in crime. Loosing Something Good For Something Better er etter kva eg kan finne ut hans debut i innspelte former, i alle fall som I Was a King. Det er eit minialbum. Her er ti spor, men halvparten av desse har meir karakter av små intermesso enn fullendte låtar (dei har ei gjennomsnittleg speletid på sånn cirka 50 sekund). Eit par av dei (Best Wishes, No Gold) ber bod om at dei har tenkt seg inn i appetittvekkande melodiske former, for så å skli unna og forsvinne før ein får tenkt «smaksprøve» ein gong. Om det akkurat då er irritasjonen eller hungeren etter meir som gneg sterkast er eg sannelig ikkje sikker på.
Den andre, og viktigaste, halvparten av låtane på plata er derimot 5 x ca. 2.30 minutt med oppfuzza og smart kolorert popsnadder. Livfullt og instinktstyrt, og med ånda frå friske og legendariske album som Bandwagonesque, Girlfriend og Fun Trick Noisemaker virvlande rundt ikkje altfor langt unna.
Det er powerpop med ein sylskarp psykedelisk vri, og ei offensiv og lys røyst som gjer det litt for freistande å nemne Robert Schneider med namn. Det er lågprodusert, leikent og upretensiøst. Det er futt og fres frå Across the Ocean sine vinnande melodilinjer, til unge Strømstad mot slutten Make It Clear i samråd med Sgt. Petter. Det er eit drygt kvarter som skaper hugnad i heimen. Men som det dessverre ofte er tilfelle med slike hugnadskapande kvarter, det er altfor kort.
Så neste gong har du berre med å doble, Strømstad. Minst. Då skal du ikkje sjå heilt bort i frå at vi kanskje kan slenge over krona og gje deg ein aldri så liten popkongetittel også.
Først publisert på Groove.no (i 2007)