Corado – Corado

Standard

Whopper er parkert, men sjåførane køyrer vidare, inn i eit sfærisk americana-landskap.

5

cover

Før var det Whopper, no er det Corado. Før var det pop med ein viss grad av futt i, no har poptonen tatt ein sving i retning av eit meir sfærisk americana-landskap. Og så er dei berre to. Begge heiter Anders. Hole og Bortne. Sistnemnte debuterte i fjor som romanforfattar med boka Et Bra Band. Corado er ikkje så verst, dei heller.

Det er lite gitar her, i alle fall av den elektriske sorten. Dei fleste låtane har keyboards/piano som hovudinstrument. Dei fleste låtane sig avstad, utan å ty til støyande fakter, i eit ikkje altfor hastig tempo. Dei er ikkje høge på originalitet, men fleire av dei har eit melodisk vesen det går an å like.

Eg sa dei var to, men det er dei ikkje heile tida. Dei har hyra inn nokre medhjelparar også. Bjørn Kåre Rambjør spelar trommer. Og trommelyd er det på dei fleste låtane. Eit par karar frå The Royalties bles i trompet og trombone på nokre av spora. Spesielt friskt lyde det når dei tutar i veg på den vesle sjarmerande poprakkaren We Got Nothing and We Are Not Going Anywhere.

Bortne fyller songane med små historier. Nokre som spenner over eit lengre tidsrom, medan andre meir har karakter av tilstandsrapportar eller stillbilde. Ingen tar for seg jubelscener. Ingen stirer ned i det ytste mørkret. Men dei har nok ein tendens til å operere i eit skikt noko nærare den siste tilstand enn den første.

Til eit vakkert pianotema, og i ei balladeform som har litt Wilco i seg, skildrar opningssporet ein tilstand som går frå hutrande til håpefull. «2002 – the year before I met you», året då hovudpersonen var tørst, svolten og redd for å ikkje bli sett, året han utforska «the why in when», året som tok slutt og vart til «2003 – the year when you found me».

I Some People Always Forget får songaren harmonisk hjelp av ei kvinne. Ho heiter Mari Persen og står bak skuldra hans og syng varleg med på strofer som; «some people always fall in love, not you, you don’t believe that love walks easily». Det er vemodsvakkert og det er popyndig. Meir brutale realitetar vert behandla i See You on the Flipside. Eit drama i tre akter. Om tre forkomne skikkelsar og deira veg mot undergangen, eller mot lyset «on the flipside».

Då har eg nemnt fire songar. Det er dei fire beste. Det er absolutt ein del habilt å spore i resten av seansen også. Samstundes opplever eg at det nok grånar litt til i siste halvdel av plata. På det soniske plan blir det då litt mykje det same opp igjen. Litt mykje piano og keyboards, litt lite nyansar, og litt svakare låtar.

Det er ikkje musikk som røvar hjerta, eller bringer ein ut av balanse. Slett ikkje. Men albumet har noko lite ved seg som gjer at det kan finne vegen utav hylla igjen. Og det er det jo slett ikkje alle som har.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s