Makelige og vemodige viser gror fram i dugande selskap med meir uroskapande påfunn.
Ei innrømming; eg har aldri høyrt om Polmo Polpo. Ikkje før Sandro Perri, som eg sjølvsagt heller aldri har visst om, med denne fem-spors EPen har introdusert meg for nokre spor frå repertoaret deira. Spor med eit vesen som gjer at eg er blitt aldri så lite nyfiken på kva fyren og hans mulige og umulige kollaboratørar kan ha hatt for seg ved tidlegare høve.
No var det vel litt feil av meg å omtale Polmo Polpo i fleirtalsform i førre avsnitt. Polmo Polpo er nemlig Sandro Perri og ikkje så veldig mykje meir. Skal eg feste lit til groove sin eigen omtale av albumet Like Hearts Swelling (og det skal eg vel?), så er Polmo Polpo eit prosjekt der lyden er elektronisk, ambient og rimelig stemningsfull i eit ikkje altfor stressande mønster.
Tre av spora frå nettopp Like Hearts Swelling dukkar opp når Sandro Perri her opnar munnen og tar fram gitaren, og slik syng og spelar seg sjølv i litt andre former. Då vert han ein folksy fyr svevande varleg av stad i eit draumeaktig og gåtefullt bilde. Vel og merke etter at opningssporet har gått til ro.
På det einaste instrumentalkuttet Romeo Heart (slight return) har han med seg åtte musikarar. Fløyte og klarinett dansar avantgardistiske steg i selskap med improviserande gitar- og pianotonar. Rytmikken er vibrerande, lufta er open og Eric Chenaux lurer nokre munnspel-tonar inn i bildet. Same Chenaux spelar ei viktig rolle i andre halvdel av det 8 minuttar lange Requiem for a Fox også. I første fase buktar denne seg fredfullt av garde opp på lettbeint rytmikk. Perri syng yndefullt med si lyse røyst, og ein elektrisk gitar stryk ein vakker strek langs ryggrada. Etterkvart må det harmoniske vike for lysta til å spreie rundt seg med atonal psykedelia i eit transperent mønster. Det er her Chenaux stiller opp med gitaren sin.
Dei tre siste spora held seg innafor konvensjonelle folk-rammer. Perri si røyst sig frå ord til ord på eit vis som ikkje gjer det altfor lett å oppfatte kva han syng. Hans akustiske gitar er fremste lydkjelde, men den er ikkje heilt aleine. Sky Histoire og Circles kjem med varsam brasslyd frå dei bakre rekker og ein tamburin gjer rytmen. Medan Dreaming svever i sakte ekspanderande og trommefaste former.
Han kler låtane i ei melodisk tiltalande drakt. Og gjer i det heile beskjed om at ein kanskje bør vere vaken og få med seg albumet han kjem med til våren.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2007)