Det enkle kan vere veldig bra det, men det kan vere litt trøyttande også.
Med kjente smell og velutprøvd ammunisjon fyrer trioen Popgun av 11 skot mot ein blink merka kraftpop. To av dei treff ikkje så langt unna senter av blinken. Opningssporet Mr. Unconcerned stormar gitarskarp og melodisk velforma framover. Er lett pynta med små synth-fintar, og kjem til å leve rimelig lenge på refrenget; «I say winter, you say summertime». Som ein drygt 2 minuttar liten virvelvind med falsett-sang og uimotståelig popkraft skeinar A Brilliant Fake inn tett ved sida av Mr. Unconcerned. Dei resterande spora slår inn lengre vekke frå dei inste sirklar, utan at nokon er direkte bomskot av den grunn.
A Day and a Half in Half a Day er Romerike-bandet Popgun sitt debutalbum. Eit par av karane i bandet har imidlertid vore frampå både her og der ved tidlegare høve. Vokalist og bassist Egil Stemkens har tidlegare mellom anna spelt i band som Tolv Volt og Radionettes. Palle Krüger er kanskje mest kjent som fast trommis i det legendariske cover-bandet Young Neils, men han har og dunka skinnet i ein del mindre kjente føretak. Tredjemann er den for meg heilt ukjente Knut Erik Paulsen, men han trakterer til gjengjeld gitaren på rimelig overtydande vis.
Dei tre har ikkje funne opp noko som helst nytt, men med ein solid monn entusiasme og speleglede karrar dei til seg ei viss merksemd. Med blikket rett fram køyrer dei sitt energiske løp i eit enkelt spor. Dei sparar lyttaren for overraskingar, og slår aldri kollbøtte inn i spenstige tekstlige bilde. Vokal-innsatsen er vel ikkje den mest imponerande eg har høyrt, verken i høve til engelsk-uttale eller når det kjem til særpreg. På den andre side ramlar den jo for så vidt formålstenlig inn ved sida av det primitive i uttrykket elles.
Eg nemnte dei to høgdepunkta, mellom disse dukkar det også opp eit og anna av dugande karakter. Little Boy fangar levedyktige tonar i stort tempo. On a Sunny Day strekker seg etter Beatlesk pepperpsykedelia, og får tak i eit gram eller to. Medan Sunset in Reverse tar føre seg kaotiske sinnstemningar i kraftfulle former.
I plata sin siste halvdel blir den melodiske kvaliteten spinklare. Kombinert med at det einspora løpet også blir vel monomant etterkvart gjer dette at interessa dunstar bort, og ein tek til å slite med det velkjente «kvifor nøydde dei seg ikkje med ein EP»-gjespet. Men det var kjekt ei stund, det er då noko.
4/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)