Roy Lønhøiden – Sanger Fra Skogen

Standard

Lun og god vemod frå ein truverdig trubadur.

cover  Der det er langt mellom husa, der trea står tett, midt i det einsame landet, der vandrar Roy Lønhøiden med lune skritt mellom grantrestammer og ei stille elv. Her kryssar han spor frå både fortid og nåtid. Her er han på eit ustanselig søk, her fangar han talande stemningsbilde, her kjenner han seg heime. Han er i Finnskogen.

For andre gong gjev Roy Lønhøiden ut ei plate under eige namn. I 2004 var tittelen Det Ensomme Landet, denne gongen er det Sanger Fra Skogen. Det skulle vel då nesten vere unødig å fortelje at det er scener frå stiar han sjølv har rusla som fargar grunnlinjene i songane han syng. I enkle ordelag, til enkle tonar, i eit enkelt lydbilde syng han om livet, kjærleiken, døden og dei skogkledde landskap. Han er visesongaren som har vore i Amerika og henta tilbake countrymusikken. Eller han er countrysongaren som lar sitt eige språk og sitt eige tilvære danne sentrallinja i musikken sin.

Det er noko uomtvistelig autentisk over songane til Roy Lønhøiden, over røysta hans, ja over heile hans vesen. Han kjem der stillferdig mot ein og er aldri redd for å ty til dei vanlige orda og dei velprøvde tonane. Han legg ikkje skjul på at han lever i ein tradisjon, og sin beundring overfor folk som Hank Williams og Townes Van Zandt. Men i motsetnad til mang ein countryfestivaldeltakar over det ganske land så har Lønhøiden sine eigne sko på seg, og han andar sin eigen ande. Ja, han lever og verkar i sitt eige uttrykk.

Han får god hjelp. Bjørn Kulseth, som i si tid spelte saman med Roy i prosjektet Kulseth & Lønhøiden Almenning, har produsert albumet i kompaniskap med Thomas Siqveland (ein fyr som dei siste åra har jobba med mindre ærerike Idol- og fjortispop konsept, men som tydeligvis har andre interesser også). Det heile har blitt til i ei gammal røykstove på eit lite småbruk djupt inni skogen. Det har blitt eit organisk og ledig lydbilde i hovudsak mala fram av akustiske lydar.

Lønhøiden har dedisert albumet til far sin, som døydde eit halvt år før innspelingane fann stad. Gjennom Livet er ei vakker og gripande vise der han skildrar ein tolsam og verjande far; «du holdt meg godt når vinden var for kald». Mot slutten av denne songen medgjer han at «hver sang jeg skriver handler litt om deg». Kanskje er derfor det har dryppa nokre ekstra dropar med tristleik oppi vemodet denne gongen. Nest etter Gjennom Livet er det nok i Sangen Om Skogen at faren sitt nærvær er sterkast; «vi sang om våren, vi sang om livet, du lærte meg sangen om skogen». Her er det berre Roy og gitaren hans, og litt nennsam koring frå Monika Nordli. Ho er forresten innom med slikt på mange av låtane.

Den norske Gram Parsons-autoriteten Thor Martinsen bidrar også denne gongen på tekstfronten. Han har gjendikta Rodney Crowell-klassikaren «Til I Gain Control Again på utsøkt vis og gitt den tittelen Til Jeg Kan Reise Meg Igjen. Lønhøiden og hans instrumenttraktørar ekspederer den med næringsrik twangpresisjon høgt opp på den ikkje altfor lange lista over minneverdige norske countrylåtar. Der bør vel kanskje også Jeg og Ronny få plass. Ein Finnskogen-variant av Bruce Springsteen sin Highway Patrolman. Om Tom Roger og broren hans Ronny som i ungdommen hang saman som erteris og «dansa og drakk gjennom natta, til toner fra Creedence og Jularbo». No er den første blitt «lensmannsbetjent ved grensa til nærmeste EU-land», medan den andre har rota bort familiegarden, prøvd seg som bygningsarbeider i byen (men «mellom polet på Økern og Bjerke var det lite han fikk bygd»), og han hamnar stadig i bråk. Henning Kvitnes er innom og korar, Stein Kulseth har skrive teksten, han bidrar også med driftige mandolin-tonar.

Akkurat som sist har Lønhøiden også no tatt med ei gjendiktning av ein Betty Elders-komposisjon. Denne gongen er det Farewell som er blitt til Farvel, og den felespelande husbonden Gene Elders er med og fyller bildet med brennande tonar. Frå Townes Van Zandt sin rikhaldige katalog av meisterlige songar har Roy henta og laga sin versjon av Snowin’ On Raton, og kalla den Det Snør På Skogen. Og fengslande er det blitt, om ein skogen sin loslitne vandringsmann; «du kan aldri telle mil før du har reist og fått noen sår». Han avsluttar seansen i same leia med den litt Jonas Fjeldske og spartanske visa På Drift; «elva renner vid og djup, skulle ville hive sjela ut i den».

Det er når ein skal fortelje om plater som dette at ein heilt problemfritt kan gripe fatt i ord som vemodsfullt, vakkert, varmt og truverdig.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s