I Love You But I’ve Chosen Darkness – Fear Is On Our Side

Standard

Med både namn, frykt og vital engelsk post-punk på si side meislar Texas-kvintetten fram tonar som stig utav skuggen og fram i lyset.

cover  Det går vel nesten ikkje an å seie noko om debutalbumet til Austin, Texas bandet I Love You But I’ve Chosen Darkness utan også å legge inn nokre ord om namnet deira. Eg har ei kjensle av at det er sterkt divergerande meiningar ute å går om nett den saka. Ei pretensiøs tydeliggjering av den unge mannen si sjølvdestruktive dyrking av svartsinn og einsemd, er det vel dei som vil hevde. Den definitive avskjedsreplikk, kan vere ein annan kommentar. Ein suspekt kontradiksjon som kan romme både destruksjon, løgn og sjølvironi, kan kanskje vere ein tredje. Eit namn ein hugsar sjølv om det inneheld nesten 30 teikn, er det i alle fall. Eg likar det.

No kunne I Love You But I’ve Chosen Darkness sikkert ha vore eit høveleg namn for eit countryrock-band som observerer verda gjennom botn av ei halvtom Jack Daniels-flaske, samstundes som dei dyrkar sine mest miserable sider. Trur likevel namnet vil passe enda betre på eit band som bygger dei lengtande melodilinjene sine inn i ein tidvis rytmetung, tidvis intrikat, tidvis utflytande og tidvis overmannande lydvegg. Men hei, vent litt der, for er det ikkje omtrent slik ein kan beskrive kvintetten som skal omtalast her?

I 2003 gav Chosen Darkness ut sin aller første innspelte dings. Ein sjølvtitulert fem-spors EP. Den var produsert av Spoon-sjef Britt Daniels, og er ei tett og gitarenergisk affære som innimellom tar vegen ut i meir opne landskap. Eit og anna Spoon-glimt kan ein nok skimte der, men mest markante er linjene tilbake til den engelske post-punken frå det tidlege 80-talet. Ein referanse som det vel framleis er nærliggjande å komme drassande med også når dei no står fram i fullt albumformat med den modige påstanden Fear Is On Our Side. Dermed kan bandet fort bli plassert i same bås som andre amerikanske band som slit med The Cure i bakhovudet og skimtar skuggen av Joy Division i augekroken. Interpol, seier du? Jo da, men på sitt nye framstøyt får låtane til Chosen Darkness boltre seg innafor eit noko luftigare og dunklare landskap enn kva som var tilfelle på EPen, og som også har vore tilfelle på dei meir stilreine albuma til den velkledde New York-kvartetten. Faktisk meislar Chosen Darkness her eit uttrykk og vartar opp med eit knippe låtar som har såpass særpreg og melodisk styrke at det blir meir enn berre namnet ein merkar seg.

Paul Barker, med ei fortid i frenetiske tiltak som Ministry og Lard, har ansvaret for produksjonen. Han har ikkje gjort forsøk på å transmittere galskapen og punk-aspektet frå sine tidlegare band inn i Chosen Darkness si verd. Men som gammal bassist har han kanskje litt av ansvaret for at nett dette instrumentet har ei ganske så framtredande rolle på fleire av låtane her. Eit brunstig kasus i så måte er den akselererande According to Plan. Her festar Edward Robert sin fire-strengar grepet i første takt og leiar låta inn på både trygge og meir vaklande vegar. Han får forresten god groove-hjelp både her og der av Tim White, bandet sin hardtslåande trommeslagar. Ikkje minst på det mørke og omsluttande opningssporet The Ghost.

Rundt dette markante, om enn ikkje alltid heilt konvensjonelle, groovet snirklar lyden av eit par gitarar seg. Den eine utsondrar gjerne krystallklare eller kimande tonar, medan den andre helst tyr til meir harvande fakter. Eit lysande døme i så måte er den nesten majestetisk stigande Lights, med sitt enkle men høgst minneverdige refreng; «It’s the lights time». Chosen Darkness er heller ikkje framande for å garnere lydbiletet med svevande synthesizer-tonar. Nesten mørkeleggande i den truande instrumentalen The Owl. Ein av tre korte vokal-lause spor på plata. Tittelsporet er ein annan av desse. Den tredje heiter Today, og er eit langsamt utpust som gjer klar arenaen for albumet sitt høgdepunkt.

Røysta til vokalist Christian Goyer er kanskje ikkje av dei mest distinkte verda har høyrt, men er like fullt eit viktig element i Chosen Darkness sitt dynamiske uttrykk. Den trekker seg litt vekk frå dei fremre delane av det soniske biletet, og det kan såleis vere ei utfordring å få tak i kva den har å melde på det tekstlige plan. Men det som er lett å oppfatte er dei tiltalande og tidvis nesten popsjarmante melodilinjene røysta i vemodsfulle former bere fram. Og dei aller flottaste linjene dukkar opp eit lite minutt etter at Today har blitt til We Choose Faces. Over seks minuttar bygger dette vesle kunststykket seg opp og fram frå ei medgjerlig drone og inn i eit sonisk massivt og endelaust vakkert lende. Uvegerlig og urokkelig. Det er her bandnamnet får endå ein dimensjon; «du vidunderlige poptone vi elskar deg, men vi velgjer å gøyme deg inni eit voluminøst byggverk.»

Kanskje kan ein forfekte at temperaturen på eit par av kutta er litt laber. Kanskje kan ein hevde at uttrykket blir litt einsidig. Kanskje kunne ein ønskt seg dei fem ut på utrygg grunn litt oftare. Kanskje, men eg er slett ikkje sikker. For i det store bilete kjem dei særdeles vinnande ifrå det. Dei har nemlig langt meir enn berre frykta på si side.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s