The Agnostic Mountain Gospel Choir – Fighting and Onions

Standard

Uflidde og med krumma nakke kjem dei skrålande i ei gammal støvsky full av blues.

cover  Eit bilde: Bortover ein støvete landeveg går ein mann med ein gitar slengt over skuldra og eit mystisk smil kring munnen. Tilbake i vegkrysset står ein svart og illeluktande skikkelse med ei sjel i handa. I skuggen av ein busk like ved står det eit uflidd kor og syng med råbarka stemmer ein song dei har lært av Son House. Den heiter Preaching Blues;

I’m gonna preach these blues and I’m gonna choose my seat and sit down,
But, when the Spirit comes, I want you to jump straight up and down.

Dei kallar seg The Agnostic Mountain Gospel Choir, og bildet eg ser dei for meg i har eg etterkvart oppdaga at er litt på kant med sanninga. For skal vi tru biografien deira lever og bur dei i den kanadiske vintersportsbyen Calgary. Og dei lever der no. Dei er heller ikkje eit kor i ordet si eigentlige meining, men ein kvartett som i tillegg til å synge med ruskne stemmer, trakterer strengeinstrument av ymse slag og dunkar på saker og ting for å gje stoffet sitt eit rytmisk fundament. Noko dei gjer med krumma nakke, og ei åtakslysten og uraffinert innstilling.

Ganske så direkte og redigeringsfritt har banden spelt inn 12 sjølvkomponerte og 5 lånte songar som, om vi skal halde fram med å snakke om det soniske bildet, kunne vore ein del av eit 1930-talssamanstøyt ved Mississippideltaet sine breidder. Robert Johnson kunne ha vore der, like så Son House og Charley Patton, og kanskje kunne vi ha skoda Alan Lomax og hans venn Leadbelly i fronten av ei lita støvsky lenger nede i vegen. Brawler-utgåva av Tom Waits har vore der fleire gonger, og Bob Dylan henta ikkje så reint lite frå dei same tuftene til sin Modern Times. Personleg synst eg desse frilyndte agnostikarane si pasjonerte framstilling er vel så interessant som det litt i overkant oppskrytte albumet til ærverdige Zimmermann.

Dei er gospelkoret som akkompagnert av ein grumsete slidegitar inviterar til bordsete ved Guds bord, men som neppe mottar invitasjon til kyrkjekonsertar. Ein annan stad fører den same slidegitaren an i eit bitande punkblues-ritt kalla Weasel. Dei gjer ikkje ved dørene, og angen som ligg igjen etter dei minnar mest av alt om svovel. Så det burde ikkje komme som ei overrasking når dei i krypande og mørk folkblues-tapning hevdar at Death Don’t Have No Mercy.

Personlege favorittar er den seige og rytmisk distinkte tolkinga av Skip James sin Special Rider, og ikkje minst den kraftfulle og skrålande klagesongen Oh Sorrow, som står og dirrar ein stad midt mellom Waits og Sixteen Horsepower.

Ein del av låtane blir kanskje litt tronge reint melodisk, og opplegget taper stundevis litt av gnisten i andre halvdel. Men her er like fullt nok av Fighting and Onions til at det skal kunne svi dugande i sentrale sanseorgan når dei er ferdige.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2007)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s