Eric Chenaux – Dull Lights

Standard

Ei ukonvensjonell og improvisert vandring i dei dunklare partia av folkland.

cover  Ei ny plate og eit nytt namn. Idear om korleis det vil låte byrjar å svirre rundt i hovudet mitt i løpet av dei 57 sekundane det tek i frå eg tar tak i albumcoveret og til den første tonen kling i stova.

Eg studerer coveret litt først. Nakent, ein slags ballongliknande figur med artistnamn og platetittel under. Dull Lights, hmm, sannsynlegvis ikkje hurra-musikk då, tenker eg. På baksida ser eg ni låt-titlar (lengde på kvar låt er pluss/minus fem minutt). Tre aktørar, og kva instrumenter dei spelar på, står også nemnt. Eric Chenaux syng, spelar elektrisk gitar, steel-gitar, ein 12 strengs-banjo og munnspel. Martin Arnold bidrar med tonar frå eit berbart sampling-keyboard og ein elektrisk banjo, medan Nick Fraser spelar trommer. Konklusjonen min idet stereoanlegget sin CD-skuff sluker plata: Eg vil ikkje bli forundra om Chenaux og hans menn byr på meir eller mindre tradisjonsbunden musikk i eit dunkelt opplyst kryssingspunkt mellom country, folk og rock.

Nitten sekund seinare er konklusjonen kasta på dynga og gravlagt.

No har absolutt Dull Lights både country, folk og rock i årene, dunkelt opplyst er det også, men tradisjonsbunde er det definitivt ikkje. Til det har Chenaux henta ein for stor del av sin inspirasjon frå strøk av det soniske universet ein ikkje altfor ofte høyrer kopla opp mot nemnte sjangrar. Strøk der improviserande jazz, kronglete bossanova og generell eksperimentell musisering ikkje blir sett eit altfor tungt lokk på.

Etter at eg djupt inni min femte runde med Dull Lights byrja å fabulere om at vi her kanskje kunne ha å gjere med ein av 2006 sine meir interessante nykommarar, var det på tide med litt googling for å komme Eric Chenaux nærare inn på livet. Det øvste treffet fører meg rett inn på Chenaux sitt hjørne av Constellation records (Montreal-labelen som gjev ut Dull Lights). På bildet som der kjem til syne ser eg ein skjeggpryda fyr med ein gitar i fanget. Han ser avgjort ut til å vere godt forbi den alderen der ein normalt platedebuterar. Og sant nok, i biografien under bildet kan ein mellom anna lese dette:

«På 80 og 90-talet spelte Chenaux rytmisk sinnsjuke halvriff saman med det ærverdige postpunk bandet Phleg Camp, og seinare skreiv han songar i gitarduoen Lifelikeweeds. For tida spelar Chenaux vindskeiv søt-jazz i The Reveries, improviserer svidd polyfoni i The Guayaveras og The Draperies, er medlem i den svingande jazzkvintetten Drumheller, spelar langsamt i selskap med Michelle McAdorey og psykedelisk i hop med Martin Arnold, skriv jazz-standarder for The Ryan Driver Quartet, og komponerer vridde lyriske balladar for The Tristanos.»

Og det er slett ikkje alt. Same biografi droppar vel eit trettitals namn til som Chenaux har kollaborert i hop med opp gjennom åra. Få som gjev gjenklang i skallen til underteikna, men sikkert mange hos folk som jamleg hankar inn stoff frå utgjevingslistene til Constellation (lister som omfattar kreative tonekunstnarar som Godspeed You Black Emperor!, A Silver Mt. Zion og Black Ox Orkestar).

Så, han er ingen debutant den godaste Chenaux altså. Eller? Dull Lights er visstnok første gongen det kjem ut ei plate i hans namn. Han er definitivt moden for det, noko både nemnte bilde og albumet sitt originale soniske vesen vitnar om.

Det startar med ein Skullsplitter. Ikkje av den brutale typen som kilar seg tvers igjennom med eit einaste dirrande slag. Men meir ein som pirkar og knakkar ikkje altfor krast. Litt irriterande vil kanskje nokon hevde. Ein part improviserande strengevandring og cymbaltrimming og ein part vemodsfarga vokaliserte melodilinjer er vel ein meir sympatisk, og i mine øyrer også meir korrekt, karakteristikk. Med eit munnspel som trur det er ei sekkepipe som ekstraingrediens tilfører Chenaux Skullsplitter ein vinnande dose skotsk høglandsstemning. Dette saman med den ukonvensjonelle tilnærmingsmåten sender eit par tankar i retning den eksperimentglade skotske folkrockaren Richard Youngs. Tankar som kjem tilbake eit par andre stader også.

Røysta til Chenaux og konturane på melodilinjene han har for seg kallar på si side vel så ofte fram diffuse bilde av Will Oldham og Chenaux-landsmenn som Hayden og Great Lake Swimmers.

Frifolk er ein etikett som vel har vokse seg større enn seg sjølv dei siste åra. Eg skulle derfor tru at det også er plass til Dull Lights sine soniske vendingar innafor dei vindskeive og mangefarga frifolk rammene. Både når det blir jakta på Worm And Gear i syreriffa og banjopsycha skapnad, og når tittelkuttet drar seg framover i langsamme, klagande og cymbalkviskrande former.

I siste halvdel svingar Chenaux lyden inn i litt meir konvensjonelle former. Den dobbelvokaliserte og ikkje så lite nydelige visa White Dwarf White Sea er nokså ribba for utskeiingar. Medan den vakre countrylåta Memories Are Not Pleasure må tåle å bli lydstøtta av eit gromt jazzgroove og ikkje heilt freakfrie banjotonar. Den hengslete countryrockaffæra Ronnie-Mary er på si side ein gitarskarp og feedbackdrenert sak med eit og anna Crazy Horse avtrykk.

Dull Lights manglar kanskje litt groovy retning enkelte stader, men improvisasjonslysta er livgjevande, vemodet rammande og lystonen gåtefull. Og då er i alle fall dei fleste premissar til stades for å komme seg innunder huda hos underteikna.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2007)

Kommenter innlegget