David Fischoff – The Crawl

Standard

Ambisjonar, maskiner og elleve overfylte poplåtar.

cover  Det finst som kjent mange slags måtar å gje tonane sine instrumentfølgje på. Frå spartansk fingerplukking på ein akustisk gitar til drønnande og støyande lydbølgjer frå overelektrifiserte kjelder. Dave Fischoff har i all hovudsak valt å gjere det med syntetiske og programmerte maskiner. Slikt kan fungere bra det, men slik Fischoff gjer det blir det berre for mykje og for masete.

Fischoff har vore frampå med innspelt material før. To album frå åra kring årtusenskiftet. Eg har ikkje høyrt dei, men biografien seier at dei har eit meir dempa og vise-orientert uttrykk enn kva som er tilfelle med The Crawl. I den same biografien blir forresten Fischoff sitt arbeid med The Crawl samanlikna med Brian Wilson og hans forsøk på å gjere Smile om frå tanke til tone. Hmmm.

At det er ambisjonar og idear til stades i Fischoff sitt musikalske virke, har eg inga som helst grunn til å tvile på. Eg tvilar heller ikkje på hans evner til å komponere melodisk velfungerande låtar, eller å gje desse tekstlig innhald av dugande karakter. Det er fleire dømer på det på The Crawl. Det som så fullstendig øydelegg for alt som er bra, er innpakkinga.

Ein montasje av brusande keyboards-tonar, sampla lydar og maskinell rytmikk kjem svevande og dunkande mot ein i altfor fyldige og overivrige former. Dynamikk og lydøkonomisk tankegang vart nok aldri med ned i kjellarlokalet i Chicago, der Fischoff tråkla saman dette verket.

Bakom det overdådige og krunglete soniske bilde dobbel- og trippelharmoniserar han si eiga, noko avgrensa, røyst gjennom både popenkle og meir intrikate melodilinjer. Linjer som på dugande vis fortel om tilværet sitt ustoppelige slit, med særlig vekt på kjensla av å vere framandgjort i dei kjølige og ugjestmilde storbygatene: «I walk home through cold streets, stars lit like dim machinery. A raw ghost of moonlight slips through the capillary trees».

Ååh Fischoff, du skulle ha gjort dette på eit anna vis. Du skulle ikkje ha nytta deg av alle ideane som sprang deg i hug, samstundes. Kanskje skulle du ha lytta endå betre på nokon som har klart dette før deg. Stephin Merritt og hans Magnetic Fields lagde for nokre år sidan sin ambisiøse og tredoble 69 Love Songs. Resultatet var ein rikt fasettert og meisterleg ode til kjærleiken og dens uransakelige vegar. Brian Wilson sine ambisjonar var ikkje mindre då han sette seg føre å lage sin tenårings-symfoni til Gud, Amerika og vibrasjonar av ulik art, Smile. Eller når Sean O’Hagan og hans High Llamas tok opp hansken og skapte sine Gideon Gaye og Hawaii. På desse platene står sjeldan iveren, ambisjonane og innfalla i vegen for låtane. Slik er det dessverre med The Crawl.

Og det er litt trist. For eg trur mannen kunne ha laga ei bra plate, om han berre hadde vore litt meir forsiktig.

2/10

Først publisert på Groove.no (i 2007)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s