Dei har ikkje endra seg mykje sidan starten, men mykje av magien la dei nok igjen i The Church of the Holy Trinity.
Det er nærmare 20 år sidan no at denne canadiske gjengen tok sine første skritt som Cowboy Junkies. I 1988 kom så plata dei i all ettertid er blitt målt mot. Ja, det finst vel knapt ein plateomtale av seinare utgjevingar som ikkje nemner deira andre album The Trinity Sessions. Denne sakrale og magiske innspelinga, der dei førte klassikarar som Sweet Jane og I’m So Lonesome I Could Cry inn i sitt eige skånsame univers, og der Michael Timmins sine eigne låtar også heldt eit særdeles sublimt nivå. Sjølvsagt kunne dei ikkje stille seg under same mikrofon i same kyrkja for å gjenta bedrifta. Men ser vi bort frå kyrkja, den eine mikrofonen og magien, ja så har ikkje mykje endra seg i Cowboy Junkies si verd sidan den gongen.
Eg har ikkje fått med meg ratt alle av dei åtte post-Trinity albuma, men dei 4-5 eg har via større eller mindre merksemd har alle vore skodd over same lest. Dvelande tempo, kviskrande rytmikk, Michael sin Velvet-gitartone anno Pale Blue Eyes (som av og til blir byta mot den akustiske varianten), og Margo Timmins si elegiske røyst. Låtane smyg seg rundt i blåe terreng, stundom jazz-farga, stundom blues-malande men mest søker dei mot folk og country territorium. Kvart album har hatt sine fine stunder, men eit større eller mindre fleirtal av låtane har som regel vore meir søvndyssande enn sjelevarmande.
Ideen bak denne innspelinga var å finne fram til ei bunke låtar som tala om krig, vald, redsler, grådigskap, ignoranse og sakn. Det har dei også gjort, men dei maktar berre unntaksvis å manøvrere dei ni coverversjonane og to Michael Timmins-originalane inn på næringsrike vegar. For akkurat slik tilfellet var på Trinity Sessions-oppfylgjaren The Caution Horses (og som det har vore fleire gonger sidan også) så er mykje av det beste unnagjort i løpet av dei to-tre første låtane.
License to Kill er ein av dei betre spora på det noko sterile Mark Knopfler-produserte Bob Dylan-albumet Infidels. I Cowboy Junkies si drakt får låta minst like mykje melodisk tyngde og glød som det opphavsmannen i si tid gav den. Og teksten er jo like aktuell i dag som i 1983; «Man thinks ’cause he rules the earth he can do with it as he please / and if things don’t change soon, he will / oh man has invented his doom / first step was touching the moon.» Det skulle vel vere liten tvil om kven som er hovudadressaten for ei slik melding i dag. Ei litt meir subtil fordømming av dei amerikanske leiarane sine aggressive handlemåtar blir framført i den enkle og triste visa Two Soldiers, om den unge soldaten som aldri kjem heim igjen. Ei låt Dylan forresten også har gjort sin versjon av.
Dei to Michael Timmins låtane som følgjer, jazzige December Skies og bluesy This World Dreams Of er ikkje blant mannen sine beste. Det er ikkje dei to Springsteen låtane dei tar seg av her heller (Brothers Under the Bridge og You’re Missing), verken i Springsteen eller Junkies samanheng. Med eit lite unntak for den klagande bluesen No More er det i grunn ikkje så mykje meir attraktivt å hente her. Det kan vere at dei burde tenkje på å fornye seg litt, men å loope seg inn på funky hiphop-territorier med ein John Lennon-låt (I Don’t Want to Be a Soldier) trur eg ikkje er svaret. Det er vel heller ikkje eit særlig lurt trekk å prøve seg på U2-klassikaren One, for dei innehar tydeligvis ikkje lenger Johnny Cash-liknande evner til å ta slike ting ned, for så å tilføre det stille dirrande energi.
Med Early 21st Century Blues gjer Toronto-kvartetten altså ingenting for å rokke med uttrykket sitt. Dei signerer både lånt og heimeavla materiale med sin vanlige signatur. Men nok ein gong er det ein signatur som berre unntaksvis kan skilte med spreke sløyfer.
4/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)