Akustisk, jordnært og ganske så fint frå Welch og Kane.
Kieran Kane og Kevin Welch er vel etterkvart å rekne som veteranar innan den amerikanske country- og visetradisjonen. Seint på 70-talet fekk begge kontrakt som låtskrivarar i Nashville, og kombinerte denne jobben med omstreifande trubadurverksemd. Kieran Kane var den første av dei to som byrja å spele inn musikken sin sjølv. Dei første platene gjorde han rett nok i kompaniskap med James O’Hara som duoen The O’Kanes. Og deira andre album Tired Of the Runnin» frå 1988 er ei finfin samling av sjølvkomponert country og bluegrass, der velfunderte songharmoniar står i høgsete. Året etter gjekk dei to kvar sin veg, og først i 1993 skulle Kieran Kane dukke opp med ei plate som berre bar hans namn, den nennsame og meir viseorienterte Find My Way Home.
Kevin Welch fekk etterkvart kontrakt med Reprise og debuterte i 1990 med ei sjølvtitulert plate full av låtar i eit melodiskarpt countryrock-landskap, ikkje så heilt ulikt det Steve Earle hadde utforska på si debutplate nokre år tidlegare. Med melankolske og fridomssøkjande Early Summer Rain og den uimotståelige kjærleikserklæringa Something «Bout You som høgdepunkt fylgde Welch opp debuten med ei endå betre andreplate. Western Beat (1992), som den heiter, hentar sin inspirasjon så vel frå arven etter Woody Guthrie og Hank Williams som den meir litterære sida av amerikansk kulturarv (Mark Twain, Charles Bukowski).
I 1995, meir enn tjue år inn i sine respektive musikkarrierar, starta Kevin Welch og Kieran Kane i kompaniskap med eit par andre artistar den uavhengige labelen Dead Reckoning. Etter den tid har dei spelt mange konsertar som duo, dei har delteke på kvarandre sine plateinnspelingar, men You Can’t Save Everybody er den første studioinnspelinga som ber begge karane sitt namn.
Materialet er med eitt unntak henta frå eigen låtskrivarproduksjon. Frå skrivebordskuffer har dei funne fram både gammalt og meir nyskrive stoff, men der alt har det tilfelles at ingen av dei to herrane har spelt det inn før. I tillegg til dei to er Fats Kaplin og hans ulike instrumentale talent med og fyller ut biletet. Og så har Welch sin sambuar Claudia Scott (ho ja) medverka med litt songharmonisk ynde på eit par av spora. Fleire er dei ikkje.
Tre dagar i studio så var det heile gjort. Live, og så godt som fritt for overdubs. Og ser vi bort i frå at Kaplin dreg fram ein el-gitar på nokre få kutt er det også ein straumfri affære. I god broder-ånd deler Kane og Welch på å vere den førande part. Blant Kane sine bidrag er det banjodrivne og bluesy tittelkuttet og den friske antikrigslåta Just Like That to solide saker. Tiltalande er også Hillbilly Blue, der Kaplin sitt levande felespel definitivt yter sin skjerv. Welch er på sitt beste når han skildrar kommarlege livsvilkår i Flycatcher Jack and the Whipporwill’s Song, eller tar for seg frykta for døden i Till I’m Too Old to Die Young. Likevel er det nok låta ingen av dei to står bak som smyg seg på plass nærast den sentrale hjerteregionen. Den er komponert av Welch sin avdøde venn Ron Davies. Den heiter Dark Eyed Gal, og fortel i eit sårt og vakkert toneleie den hjerteskjerande historia om han som møter fram på jernbanestasjonen som avtalt, men ingen jente dukkar opp.
Nokre av låtane her har nok blitt liggande i skrivebordskuffen av gode grunnar, og kunne kanskje ha fått ligge i fred. Like fullt kjem ein nok ikkje unna at dette er endå eit kvalifisert tiltak frå dei to herrane, om enn ikkje heilt på nivå med platene eg omtalte lenger oppe i teksten.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)