Interpol – Antics

Standard

For andre gong; direkte frå New York med engelsk aksent. Det er coolt, det er eggande, det er eksplosivt, og det er sterke låtar.

cover  La oss trekkje ei linje. I den eine enden finn vi band med eklektiske innfallsvinklar, og som uttrykkjer seg over eit breidt register. I den andre enden finn vi… vel, Interpol. New York-kvartetten som gjer tinga sine innafor eit ganske avgrensa felt. Det gjorde dei på sin glitrande debut Turn On the Bright Lights (2002), og det gjer dei i kanskje endå sterkare grad på oppfølgaren Antics. Alle dei ti låtane på albumet trer fram som nære slektningar, og det tek nokre rundar før ein begynner å finne kvar enkelt sine særtrekk. Men når ein først finn desse trekka, vil ein oppdage at det slett ikkje er håplause tonar dei er tufta på.

Bandet sin tone har fortsatt sine tydelige likhetstrekk med britiske new wave-aktørar som Joy Division, The Sounds, Echo & The Bunnymen og Bauhaus, men bildet dei skaper er som på debuten noko fyldigare, og meir stilreint (eller kanskje vi skal seie velkledd?) enn hos desse banda. Visse melodiske trekk deler dei vel også med sine noko eldre bysbarn i Television, sjølv om gitarist Daniel Kessler aldri prøver å utfordre Tom Verlaine sine poetiske gitartokter. Ellers snappar eg opp litt Pixies her, litt REM der, og det slår meg også at deires måte å strukturere låtane på har visse fellestrekk med korleis Madrugada gjorde det på Industrial Silence.

Med ein debut bak seg som fullt fortjent fekk mykje godord for sitt mørke, suggestive og både coole og vanedannande vesen, kan det ikkje ha vore berre lett å forme oppfølgaren. Dei mest slåande endringane i forhold til debutskiva er at Paul Banks sin vokal er plassert lengre fram i bildet, tonen kan virke litt lysare, og ein del av låtane viser seg å ha kvaliteter i retning popdrops-lende. Slik blir dette noko litt anna, men og ei plate som har minst ein fot trygt planta innafor det same feltet dei dreiv rundt på sist.

Interpol kan nok være eit band det er fristande å mistenke for å leve vel så mykje på stil og utforming som på substans og innhald. Dei sløsar ikkje med fargane. Det er svart, det er raudt, og litt kvitt, linjene er reine og klare, og ein køddar ikkje for mykje med mønsteret. Og på tekstfronten leverer dei nok ikkje verdens mest spektakulære rockelyrikk (for å seie det litt forsiktig). Men det suggerande drivet, melodistyrken, og den utsøkte, ja nærast perfekte dynamikken dei nyttar i låtoppbygginga si gjer, når alt kjem til alt, også Antics til ein temmelig så uimotståelig affære. Ja den pustar faktisk Turn On the Bright Lights temmelig så friskt i nakkehåra.

Next Exit heiter saken som først gjev seg til kjenne. Orgelbrus dreg låta i gang, Paul Banks kjem inn og syng; «We ain’t goin» to the town, we’re goin» to the city», der det er ein del saker det skal ordnast opp i. Gitaren ber om plass, bass og trommer likeså, låta blir bygd, og resultatet er uklanderlig. Tonen er satt, mønsteret teikna og strukturen gjeven. På Evil og Narc aukar tempoet, samstundes som det blir tilført litt meir popkjensle. Evil åpnar med eit hult rop på «Rosemary», før orda etterkvart kjem tettare enn heite piskeslag. Brått blir denne oppbygginga pausa og Banks stiller eit kort spørsmål; «hey, who’s on trial?», for så å gje svaret oppå ein intenst aukande og kraftfull bølgje av storveges lyd. Narc dyrkar både det avmålte og det hastige, og skyt innertiar med refrenget; «She found a lonely sound, she keeps on waiting for time out there…»

Meir over i eit monumentalt lende er Not Even Jail, med gjentakande gitarlinjer som går og går, stigande og synkande, og inneheld eit par dosar transekraft til å svaie etter. Det same kan ein vel og seie om Public Pervert, ei låt som når sitt klimaks i det brua krengar og Interpol kastar lasso kring eit fyldig og suverent refreng; «Oh, so swoon baby starry nights, may our bodies remain…»

Når eg verkeleg tenkjer meg om er det i grunn ikkje eit einaste svakt kutt å skue på heile Antics (den einaste låta eg er litt lunken til er C’mere). Om det er evige klassikarar blant sakene her skal eg likevel overlate til framtida å vise, men sterkt er det i alle fall, heilt til mål. Nest siste sporet Length of Love byr på funky bassgitar, monotonsk melodiøsitet, og glødande riff. Medan dei roar seg ned i eit svalt balladeterreng på den avsluttande A Time to Be So Small.

Det er tøft, det er coolt, det er stillstand i møte med eksplosivitet, det er smarte taktskifter og eggande rytmegangar, og på toppen av det heile injiserer dei stoffet med særdeles velutvikla dosar tiltalande melodilinjer. Slikt kan jo aldri bli mislykka.

Med hjelp av CD-plata kan ein og få tak på små eksklusive saker på bandet si heimeside. Opendisc teknologi kallar dei det visst. Og er vel kanskje aller mest eit forsøk på å være smarte i kampen mot nedlasting og heimebrenning.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s