P.W. Long – Remembered

Standard

10 sangar som beveger seg på ei ustø linje mellom upolerte country-tonar og buldrande blues-lyd.

cover  Med 10 sangar som beveger seg på ei ustø linje mellom upolerte country-tonar og buldrande blues-lyd leverer P.W. Long saker som det absolutt er givande å tilbringe tid saman med. Der refrenget frå åpningssporet kan få stå som eit utmerka eksempel på kva ingrediensar Long har å by på i tekstsamanheng; «she ain’t leaving, she’s gone». Eit ganske så klassisk utsagn i den delen av musikkverden der Long har mange av sine musikalske slektningar. Den lovlause cowboyen Guy Clark syng til samanlikning «standin» on the gone side of leavin'» i den gripande låta She Ain’t Goin» Nowhere. Nå tilhøyrer Long ein atskillig meir rufsete og oppfucka del av country-sjangeren enn dei gamle lovlause, men desperasjonen og resignasjonen har dei så definitivt til felles.

P.W. Long sin karriere som musikar kan sporast tilbake til seint 80-tal, då han var ein av medlemmene i det ufriserte laget Wig. Tidleg på 90-talet var han så å finne i ein annan rufsete gjeng med navn Mule. Før han tok steget over i ein solokarriere midtvegs på 90-talet. Etter ein lengre periode borte frå musikken er han nå ute med sin tredje plate under sin eigen signatur. Og Remembered står fram i all sin lurvete mimikk, som ei meir enn middels interessant skildring av livets barske realitetar.

Det før nevnte åpningssporet She’s Gone er så avgjort blant høgdepunkta her. Eit ujustert men melodisikkert countryrock-nummer, der hovedpersonen på sitt vis forsøker å forsona seg med den bitre sanninga; «some see the glass half empty, some see it half full, I just put it to my lips, and take another pull». Det blir absolutt ikkje betre i neste låt Better; eit ope sår, og eit rop om bot og bedring, framført med ei tynn og forpint røyst. Ei noko tyngre og seigare utforming har It Just Don’t Seem to Matter Now fått, om endå ein som har spelt fallitt. Når Long bevegar seg over i eit tyngre og meir bluesinfisert hjørne blir han imidlertid litt mindre tiltalande, som på Fishes & Wine og If Not When, Now. Den som fungerer best i denne kategorien er mørke og intense Wreck, ein låt som bringer tankane mine i retning Screaming Trees (circa Uncle Anesthesia). Men på sitt aller beste er Long i den langsomt drivande I Can’t Tell the Thing’s I Done. Ein vakker country-affære, bore fram av kraftig gitar-grums, viltflygande orgeltonar, og perfekt utfyllande harmonisering frå ei kvinne med navn Darla Oates.

Så er du klar for litt uforedla rock, med meir enn ein injeksjon skrudd country-brygg, kan du heilt sikkert gjere verre ting enn å sjekke ut kva P.W. Long har å by på.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s