The La’s – The La’s

Standard

Det finst meir enn eit band frå Liverpool som var i direkte kontakt med den perfekte poplåt.

cover  No for tida er dei som regel å finne i dei dunklare krokane av vår verden. I si glanstid, derimot, skapte dei noko av den finaste musikken verden har høyrt. Men så, på eit eller anna vis berre glapp det. Årsakene var nok ulike; narkotika, alkohol, utbrenthet, trøblete psyke, prestasjonsangst, sjølvødeleggande traumer, eller kanskje helst ein eller annan kombinasjon av desse. Ein ting har dei likevel ofte til felles, deires skjebne blir offer for mange rykter, og dei forunderligaste myter, enten fyren heiter Syd Barrett, Roky Erickson eller Alex Chilton.

Eller Lee Mavers.

Liverpool 1983. Ein ung sangar og låtskrivar med navn Mike Badger får med seg nokre kameratar og startar band. Dei kallar seg The La’s (Liverpool-sleng for lads). I løpet av dei neste 3 åra komponerer Badger, som oftast i samarbeid med ein av bandmedlemmene, Lee Mavers, eit knippe høgst ordinære rockelåtar (er å finne på samlinga Breakloose: Lost La’s 1984-86). Mavers har imidlertid visjonar om noko heilt anna og større. Så i 1986 «overtaler» han Badger til å forlate bandet. Herifrå startar eit fire år langt løp mot eit eineståande debut-album. Låtar blir laga, ein og annan singel blir gitt ut, men heile tida styrer Mavers skuta etter ein klokkeklar idé om korleis The La’s skal lyde når låtane deires endelig skal ut på langspelplate. Ein idé han nektar å sleppe taket i. Mavers er nemlig perfeksjonist. Ikkje i tydinga slipe bort alle spor av sjel, men han vil ikkje presentere noko for folket før det er blitt akkurat slik det høyrest ut inne i hovudet hans. Eit temmelig håplaust prosjekt, altså. Fire gonger blir plata spelt inn, seier legenden. Tilslutt leiger plateselskapet (Go! Discs) inn produsenten Steve Lillywhite (U2, XTC, Psychedelic Furs, The Smiths) til å ta tak i alle opptaka som finst. I november 1990 dukkar den så opp; eit våkent kvinneauge dekkar det meste av omslaget, og inni ligg ein vinyldings med eit knippe av den mest klarsynte popmusikken som nokon gong er blitt presentert.

Musikkskribentar og pophungrige er sjølvsagt frå seg av begeistring. Den einaste som ikkje likar plata er Lee Mavers. «Shit, it’s the worst, I hate it» er hans korte kommentar. Det var nemlig ikkje dette som surra rundt mellom øyrene på den unge mannen. Korleis nett det lydde vil nok verden aldri få svar på. Og det samme kan det i grunnen være, for plata slik den ligg føre er meir enn god nok. Ja, den er eit stormløp av spenstig, potent og melodi-konsis popmusikk. Inspirasjonen er nok henta direkte frå 60-tals kjelder som The Kinks, The Who, The Byrds og sjølvsagt dei sagnomsuste bysbarna i The Beatles. Kanskje har dei og snappa opp ein og annan idé hos seinare aktørar som The Jam og XTC. Likevel er dette så langt unna sidrompa retrokjør det går an å komme. Mavers & co. er nemlig – som dei sjølv poengterer – midt i den tidlause melodi. Den som støtt er velkommen, som ikkje skrantar etter eit par turar, men som med overbevisande kraft tar grepet, og blir, for alltid.

Her finn vi fleire låtar ført fram hovedsakelig av akustisk instrumentering. Som det catchy nesten folkpop-stemte åpningssporet Son of a Gun, den harmoniske I.O.U. og småfunky Doledrum. Men oftare er det gitaren som er plugga i veggen som får være den berande krafta. Kvass og upolert i bluesy poprock-nummer som I Can’t Sleep, Way Out og Failure. Eller ringande og forførande som i dei klassisk 60-talls kledde Timeless Melody og Feeling. Alle saman imponerande fulltrefferar. Likevel er det 2 minuttar og 42 sekunder som skiller seg litt ekstra ut. Ein låt der den friske smaken av forelskelse smeltar saman med den smertefulle smaken av lengsel. Der kjenslene spring i ulike retningar innanfor rammene av eit dynamisk perfekt popdriv. Like frisk og like sjeldan som ein bugnande bringebær busk midt i Liverpool sine asfalterte gater. Det skinande og vitale popeventyret There She Goes. Slike saker får ein ikkje servert kor som helst.

Som avslutning viser bandet og at dei kan anna enn å trylle fram spretten kraftpop. Målt mot resten her er balladen Lookin» Glass nemlig å betrakte som ein utsvevande nærast episk affære. Over nesten 8 minuttar bygger den seg opp, og ned, mellom varlig akustikk og taktfull elektrisk fargelegging, før den til slutt tar farvel i fullt kaos. Ganske råkande for The La’s skjebne, vil sikkert mange meine. For dette er faktisk den siste lyden, i innspelt tilstand, vi har blitt skjenka frå bandet.

Lee Mavers bestemte seg for å fortsette på prosjektet sitt; å overføre til tape den klangen han hadde inne i hovudet. Men samarbeidspartnarane hans gjekk gradvis lei heile opplegget. Hans næraste våpendragar, bassisten John Power, starta etterkvart det absolutt oppegåande orkesteret Cast, som har ein håndfull utgjevingar på samvitet sidan midten av 90-talet. Forbruket av trommisar og gitaristar hadde vore stort allereie frå starten av, og det vil føre for langt å komme inn på alle desse sitt virke dei siste 10 åra (ikkje har eg oversikten heller, forresten).

Det seiest at Mavers har fleire dusin nye låtar liggande heime i sjølvinnspelte demo-versjonar. Og skal vi tru dei som har fått høyre på det (er ikkje heilt sikker på om vi skal det), finst det blant desse fleire låtar som overgår alt på La’s einaste plate. Ryktene fortel og om ein mann som har hatt sine narkotika-problem, men også om ein familiefar som bur saman med kone og fire barn i utkanten av Liverpool. Det som imidlertid er heilt sikkert er at han foreløpig ikkje har funne ein metode for å overføre tonane inne i hovudet sitt til tape på eit tilfredsstillande vis. Inntil dess er det antakelig små muligheter for at vi får høyre meir frå Lee Mavers.

Er du av dei som er nysgjerrig på lyden av bandet som dytta i gang den etterkvart både høgt elska, men og inderlig hata britpop-bølga, treng du antakelig ikkje leite lenger. Er du av dei som berre er på utkikk etter ein dose kraftpop som flaumar over av vitalitet og skarpskodde tonar er det definitivt dumt å gå forbi The La’s.

9/10

Første gong publisert på Groove.no (i 2004)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s