Synthfritt, fredfullt og smektande. Og veldig så blodfattig.
2

Den er ikkje særlig bra den nye plata til William Hut. Hans femte.
Det er ikkje ei sjølvsagt sak at det skulle bli slik. For Hut har levert før. Spesielt i 2004: Versus the End of Fashion Park, Days to Remember. Den første velstappa på minneverdig poprock. Den andre solid på finfin countrypop. Noko mindre minneverdig, men like fullt greitt godkjent, var Nightfall. Frå nyttårsaftan 2006. På Silent Hum finst det lite eg vil ta med meg vidare, veldig lite.
Kva som er så gale? Eg skal prøve å forklare.
Hut si røyst er her, slik vi kjenner den. Lys, fager og med hang for det melankolske stemningsleie. Musikarane kan sine instrument. Både dei vi kjenner frå Lambchop, og alle dei andre. Produsert har ikkje heilt ukjente Mark Nevers gjort. Saman med Bjørn Bunes. Det er noko daft og krampaktig over dynamikken i produksjonen. Det kan virke som at fokuset for mykje har vore på å vere noko, i staden for å bli til noko. Å vere forma i ein mjuk og harmlaus syttitalsskapnad. Kall det yndig pop. Kall det soft-rock. Det blir helst … bomull. Eller noko som liknar, sukkerspinn.
Instrumentparken består av slikt som fanst før synthesizeren entra manesjen. Men det blir ikkje organisk berre ved å utelate synthetiske og digitaliserte lydar. Organisk blir det helst når lydane som vert skapt og tonane som blir spelt lever saman i pasjonerte former. I Silent Hum sitt tilfelle føler eg at desse berre er saman. Gitarane, pianoet til Tony Crow, strykarane, blåsarane. Velkledde og høflige, men utan å vise særlig med interesse for kvarandre. Og derfor driv dei oftast med maniert tomprat i staden for frodig diskusjon.
Ei viktig årsak til tilstanden har eg mistanke om ligg i at Hut denne gongen har komme opp med ei knippe låtar med sviktande melodiske evner. Slike som manglar ei ibuande inspirasjonsevne. Som ikkje higar etter å bli fortært. Som lener seg på halvgode klisjear, og tronge idear. Heilgarderingar. Forserte duplikat av tidlegare vinnarar.
Kvifor? Kanskje fordi komponisten ikkje fant nøkkelen til det grøderike poplaboratoriet denne gongen. Eller kanskje fordi det kjentes tryggast å tygge drøv på kjente smakar.
«But who am I to judge»
Så seier Hut også. I Will You Remember Me? Ei låt med eit litt luftig, gyngande vesen. Og to dugande vers. Men den har eit traurig refreng og ei baktung avslutning. Så den sviktar. Ironically har eit potensiale for noko dramatisk. Det blir ikkje utnytta. Dermed verkar den puslete og keitete der den kunne blitt opprivande. Først mot slutten kjem det to låtar eg kan strekke meg til å kalle brukbare. In Substance, ei dugande temperert ode til å satse på vennskap i staden for å dyrke einsemd. Og Clouds, ei spartansk vise, eit stillferdig «hummmm», bore fram av ikkje mykje meir enn ein akustisk gitar. Kanskje nokre av dei andre låtane også hadde funne seg betre til rette i ei slik form? Kanskje.
Slik det er blir Silent Hum eit risklaust prosjekt som risikerer å forsvinne inn i historias gløymebok, i staden for oppover hitlister, eller inn i sjel og hjerter. Det kan då ikkje vere meining i sånt.
Først publisert på Groove.no (i 2009)
To plater på åtte månader. Det var slikt dei dreiv på med på seksti-talet, det. Men for all del, det er heilt greit å bringe tradisjonen inn i det 21. århundre også. I alle fall så lenge platene er bra. Og det er nett det dei to til William Hut er. Januar 2004-utgjevinga Fashion Park var ein flott melankolsk poptriumf. September utgjevinga Days to Remember er ein fin melankolsk countryaffære.
Etter å ha gitt ut to album i 2004, venta William Hut heilt til berre nokre få timar stod att av 2006 før han kom med sitt neste. Sitt fjerde. Den revolusjonerande endringsprosessen har han definitivt ikkje vore gjennom i løpet av denne tida. Med si lyse honningdraperte og i høgste grad karakteristiske røyst flyt han på elegant vis gjennom elleve låtar av den der popmelankolske sorten. Den han klarerte på eit så utsøkt vis på si første 2004-utgjeving, Versus the End of Fashion Park.
Så langt eg har fått gjort meg kjent med musikken deires, virka Poor Rich Ones å være eit heilt ålreit poprock-band. På ingen måte grensesprengande, men som ein sympatisk aspirant frå R.E.M.- og Radiohead-skulen. Var det nokon som ymta frampå med Travis og Coldplay også? Tja, nei, dei var nå betre enn som så.