Tag Archives: Transfigured Night

Transfigured Night – Transfigured Night

Standard

Al DeLoner går nok ein gong inn i natta. Denne gongen saman med ei kvinne. Men tonen er kjent, og velkomen.

6

cover

Ifylgje låtskrivaren så skal det vere ein by «across the border» der dei sel «pain without a rest». Du skal visstnok vere velkomen dit, men bør då ha i mente at «death alone will pass the test». Så det er kanskje ikkje dit vi skal? «Voice of burden, voice of burden, sing a song for me» ber songaren, Rikke Knudsen, i songens audmjuke refreng. Tonar frå ein elektrisk gitar kryp listig rundt henne. Ein trompet kjem heim frå ein tur på byen. Dunkelt krypande folkrock møter blå jazz. Natta er på det svartaste, men den har luft i seg, det har den. Al DeLoner lener seg tilbake, han har vore her før, og det langt meir enn ein gong.

Han var her med eit midnattskor ein gong. Med songar som høyrde natta til. Etter fem plater var det ikkje noko kor att, berre nokre einsame menn. Al DeLoner la gitaren over aksla og gjekk vidare. Ikkje så langt, ein kunne høyre resonansen frå koret i det han byrja skapa. Nokså åleine. Så åleine at han song songane sine sjølv. Etter fem plater på det viset er det ikkje lenger slik. Han har slått seg saman med ei kvinne. Ho, Rikke Knudsen, syng songane no. Ja ikkje berre det, ho har vore med å komponere dei også.

Dei to kallar seg Transfigured Night (etter eit tonedikt av Arnold Schönberg). Det synst eg absolutt dei skal gjere, men eg opplever det ikkje som at dei forvandlar natta på dramatisk vis. Eg opplever det som at resonansen er der framleis, frå koret, frå natta. For der deLoner er, der blir visst tonen slik som dette. Og det er jo heilt greitt. Andre kan ta seg av sine netter. Han må få ta seg av si, saman med si kvinne. Det har blitt ei natt verd å stige inn i. Med sin dose av galskap, begjær, einsemd og draumar.

«Why don’t you go create your own dream» spør kvinna, i songen som har sitt namn etter den franske postmannen Cheval. Mannen som fekk steinane til å synge i hop, og over ein trettiårsperiode bygde sitt Palais Idéal. Gitaren til DeLoner remjar og jublar som ein frifant i ein midnattsdans, i ein krypande intens, luftig og vakker song som prisar fridomen og den sjølvstendige tanke.

Men draumar kan også vere diffuse saker. «My dreams are cloudy, I can’t see them no more» vert det uttalt i songen som vender seg til bartenderen. Den vender seg også til låtskrivaren. For dei kan ha ein ting til felles, bartenderen og låtskrivaren. Dei kan begge bli nytta som sjelesørgjarar. Noko fleire av individa i desse songane godt kan vere i behov av. «I’m going in and out of madness» hevdar hovudpersonen i platas røffast rockande nummer, oppbrotslåta Madness. «I threw all caution to the wind babe, said my prayers underground» vert det oppgitt formidla i det vemodsfulle countryrocknummeret Coming Down.

Slik er tonen her. Og natta går. Den gamle heidersmannen Phill Brown (Talk Talk) har hjelpt til med produksjonen. Den er god. Kvar spelte tone blir gitt plass. Slik natta har gjort seg fortent til. Eg tenker stundom at Transfigured Night er gode og nære slektningar av Walkabouts-paret Chris & Carla. Og at det no er altfor lenge sidan eg høyrte Life Full of Holes. Det skal eg sjølvsagt rette på. Vil berre først nemne at DeLoner og hans kvinne og deira medhjelparar også byr på den varme og gode, og alvorlig attraktive countrysongen Time Watch Over. Eg spelar først den tenker eg, og så får eg sjå kva det blir til. Det kunne jo gjort seg med ein tur til med Postman Cheval, og så var det den der Voice of Burden då …. «sing a song for me».

Først publisert på Groove.no (i 2013)

Al DeLoner – Itchy And The Girl Dancing

Standard

Ei DeLoner-plate der lyset spelar ei større rolle. Det lar seg vel høyre det også?

5

cover

Det har alltid vore eit mørker rundt tonane til Al DeLoner. Då han var låtskrivar og drivkraft i Midnight Choir, og på det han har føretatt seg under eigen signatur etter at koret vart lagt ned. Aldri har dette mørket blitt råka av slike mengder lys som på hans nyaste, og femte soloalbum, Itchy And The Girl Dancing.

Dei har ikkje blitt motteke med same åtgaum desse soloplatene hans, som det platene til Midnight Choir vart tildel. Nærast umogleg for så vidt, då det bandet sin katalog som kjent inneheld nokre av dei sterkaste platene i nyare norsk musikkhistorie. Når det er sagt, det er langt ifrå bortkasta tid å ta seg i kast med dystre og smått suspekte verk som The Mess Age Is Joy og Flora In the Darkroom heller.

Eller Itchy And The Girl Dancing. Her han med si limiterte røyst byr på ein ny bunke songar som held mål. Songar med eit uomtvistelig amerikansk snitt over seg, men også med denne europeiske tonen som har vore ein del av DeLoner sitt prosjekt. Mykje er med det same altså. Bortsett frå det der med mørket då.

«Put your feet up on the table, slide into my arms, come closer». Ja kom nærare, til ei lita kosestund i sofaen. Ei varleg ei. Kalla Come Closer. Eller, «Louie, Louie, I don’t wanna be without your love in my life». I selskap med yndige og friske fløytetonar. Med ei lett popkjensle i brystet. Og ein elskelig katt i augekroken. Kalla Louie The Cat. Eller, «A song of joy we shall sing». I countryvisedrakt. Ei ekspanderande drakt. Med religiøse undertonar, og med augeblikkets kraft. Kalla This Is The Moment.

Og Robert Fraenzel spelar saksofon. Noko som er med og understrekar jazztonen som eit par-tre av spora er forma i. San Francisco til dømes. Der lyset er borte. Der ein sjølvmordar tek sine siste steg. Mot ei bru, han skal ut å fly. Men groovet er ikkje beksvart.

Skitnast, mest elektrisk, mest i rockeslag er DeLoner når han hevdar å vere Too Stoned To Drive. Type countryrock i Stones-slag. I eit noko anna slag er han når han fortel at They Shot Tom Gunther. I Woody Guthrie-slag. Men ikkje i dårlig slag. Det er han ikkje i tittelsporet heller. Eit spartansk instrumentert tittelspor (akustisk gitar, piano og fløyte). Ein sjølvransakande song med eit moralsk blikk. Retta mot lyset, mot framtida. «We shall live and see». Og «don’t do heroin».

Spenninga og desperasjonen som har ulma og gløda der som ei essensiell kraft i DeLoner sine beste songar, kan eg vel ikkje hevde at eg finn på denne plata. Eit lite sakn det, det er det. Men ei plate verdt sine rundar er det nå likevel.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

Al DeLoner – Flora In the Darkroom

Standard

Ein hardkokt dose med fengslande grums frå mørkerommet.

cover  I omtrent same grad som Ian Curtis fanga sanninga om låtane sine bakom namnet Joy Division, så kasta Al DeLoner det korrekte lys over stoffet på solodebuten sin ved å kalle den The Mess Age Is Joy. Ei angstfull og forhutla affære var det, nesten ut i den totale paranoia. I sitt andre framstøyt er det framleis dei mørke sfærar som omkransar han, men no står han oppreist, og han er ikkje aleine.

Flora In the Darkroom er spelt inn saman med ein gjeng tyskarar i eit studio i Erfurt. Ein fyr med det snodige namnet Ringo Fire har produsert, den nyleg avdøde britiske kultlegenda Nikki Sudden stakk innom, og cover-illustratøren Gerd Mackensen inspirerte i si tid Velvet Underground til å lage Venus In Furs. I den uraffinert og telegramstil-liknande framstillingsmåten til den tidlegare Midnight Choir dirigenten kan ein vel også få ein og annan assosiasjon i Velvetske retningar. Og i ei låt, Frankie & Lou, meir enn som så. Her gjengjev Al DeLoner nokre utsegn frå homofile Frankie, omhandlande ein mann denne visstnok trefte i ein bar i Hamburg ein gong; «Lou Reed’s dick is big and mean, proper size, a real fucking machine». Hmmm… han blir visst observert både her og der den gamle travaren, for nokre månader sidan hevda Norah Jones å ha sett han i suspekt omgang med kyr nede i Texas ein stad.

Det er ikkje historier skapt for å gjenforteljast i familievennlige kaffislabberas DeLoner har med seg utifrå mørkerommet. Her er stoff som kan vere tungt og fordøye, stoff som veks til ein uggen sleip masse, og som ein definitivt heller vil spytte ut enn å svelgje. I fylgje DeLoner var det dei morbide skandinaviske hekseprosessane under middelalderen som var utgangspunkt for prosjektet. Den gongen ein kasta ei heksemistenkt kvinne på elva; flaut ho så var ho ei heks og blei brent, drukna ho så vart ho frikjent. Den melodisk velformulerte, og tekstlig hardkokte countryvisa Watertest vart det første resultatet. Og det er stort sett i denne krattskogen rundt den lumske elva det meste på albumet har sitt utspring. Det er rifftung og hatsk blues, sjuke idear og raudt begjær, og jammen om det ikkje er snev av håp ved eit par tilfelle også.

Al DeLoner er kanskje ikkje så altfor interessant når han skrur på elektrisiteten og riffar seg inn i meloditomme bluesrock-strøk, men når han derimot dempar lyden og teiknar intense skisser frå livet bakom fernissen, då byrjar i alle fall merksemda til underteikna å melde seg. For det er då fyren kan komme opp med låtar som Religious. Ei sakral og hudlaus vandring i skitne bakgater og skremmande hjertekammer. Ein akustisk gitar, litt skjør tangentklang, varleg skurr og ein blå saksofon. Ei bøn. Eller kanskje han ser ein annan veg og sansar eit visst håp berre Two Steps unna. Ei låt der versa kjem avmålt mot ein i spørjande bluesfasong, før den i refrenget tar form som ein måneskodande og håpefull kåt faen; «there’s a moon and I feel fine … I’m in the mood for something else than talking».

Ein plass hevdar han at Rock’n Roll Sucks, i alle fall den substanslause og forretningsfokuserte delen av den. Han omtalar seg sjølv som ein framand i slike lag. Det var vel Nikki Sudden også. Sin siste opptreden hadde han når han på sitt uhøvla vis song Wake Me Up saman med DeLoner. Ein vemodstung sak dei to har skrive i hop. Langt ute på den mørkaste sida av alt som heiter vemod høyrer avsluttande Sex, Violence & Death til. Tre vers som i kronologisk orden tar føre seg dei tre omgrepa i tittelen. Sakte, og intenst brennande, sig låta fram mot hovudpersonen si miskunnlause erkjenning av sjølvforakt.

Eg burde kanskje ikkje likt dette her… men eg gjer det.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Al DeLoner – The Mess Age Is Joy

Standard

Djupt personleg og dyster affære frå ein midnattsmann utan kor.

cover  I 2004 kom meldinga om at Midnight Choir var oppløyst. Paal Flaata, mannen med den fantastiske stemma og bandet sitt mest kjente ansikt, gjekk ut i avisene og sa at no var det nok. Kjemien var på frysepunktet og han ville vidare. Frå bandet sin låtskrivar, gitarist, pianist og lydutviklar Al DeLoner (Atle Bystrøm i folkeregisteret) kom det ikkje eit ord. Ikkje før eit halvt år etter, då kom denne plata.

The Mess Age Is Joy er ein djupt personleg og dyster affære. Al DeLoner har hatt sitt å stri med og lar det kome til uttrykk gjennom ord med tonefylgje. Det handlar om relasjonar som er gått i oppløysing, som han sjølv skriv i eit notat inni coveret. Kvinner, familie, venner og samarbeidspartnarar.

Al er langt ifrå den første som gjer dette. Musikkhistoria er full av tonar med sitt utgangspunkt i liknande tilhøve. Med Bob Dylan sin Blood On the Tracks som den kanskje mest omtalte. DeLoner sine ord kjem nok ikkje ut i ei like rik poetisk drakt som dei gjer hos the Bobness, men dei dirrar like fullt av både sakn, angst, uro og forbitrelse. Tekstane verkar som dei i liten grad har vore gjennom noko form for redigering. Vi får servert den første tanken og den første formuleringa. Den som trengde seg på då Al sat der og lirka og klimpra dei fram første gongen.

Innspelingane har han gjort heime i sitt gule hus ved sjøen. Han presenterte dei for plateselskapet som skissar og demoar, og dei ansvarlege på selskapet høyrde i desse innspelingane ei nerve dei var redd forsvann skulle dette bli gjort om. Så difor kjem plata i rå tapning, med akustisk gitar eller piano som leiande instrument, og litt vagt lydgniss i bakgrunnen, samt ein Al som syng «ba-ba-ba-pa-para-pa» der han hadde tenkt seg ein trompet.

Totalt blotta for sinnsstemningar av lysare grad er albumet forresten ikkje. Tittelen til dømes har jo rom for alternative tolkningar av både ironisk og munter karakter. Første vers i I Met Daryl Hannah In a Dream har og eit drag av det komiske over seg. Vel, så mykje meir slikt er det kanskje ikkje, i tredje vers i denne Nebraska-era Springsteen-liknande og melodisk vakre songen melder i alle fall den bitre angeren seg for første men ikkje siste gong. Dei aller sterkaste tonane, henta frå dei same triste marker som Beck søkte på Sea Change, kjem smygande på The Dead End of Me. Om kvinna som sviktar han for ein annan. På Be Good to Me står han fram som nokså kategorisk avvisande overfor folk han meinar har gjort han urett. På sitt aller mest hatske og urokkelege er han likevel når han snakkesyng seg gjennom prøvingar ein kan utsetje han for, men likevel; You Can’t Break Me Down.

Det er berre åtte songar på albumet, men dei er relativt lange så samla speletid strekk seg mot 45 minuttar. Lengst (nesten åtte minuttar) er avsluttande Three Weeks Bleak. Ei pianodrapert vise i slekt med både John Lennon sine mest opprivande stunder på Plastic Ono Band og Neil Young sine ditto på Tonight’s the Night. Slik dør plata ut med Al DeLoner i nær falsettleie og ei sår gjentakande bøn; «Take My Pain Away.»

Eg ser ingen grunn til å be om årsaking for at eg lar meg bevege av DeLoner sin «boksekamp med stilla» (for å nytte venen Chris Eckman sine ord). Det er personleg stoff, men det er også allmene kjensler som vert vridd og vrengt på. Er du menneske har du sannsynlegvis følt og kjem til å føle mykje av det Al syng om her (om enn kanskje ikkje like intenst). Syng ja, han har ikkje toneregisteret til Flaata, men nærleiken han har til stoffet erstattar glatt tekniske manglar.

Eit par av låtane er utstyrt med ei litt for anonym melodidrakt. Like fullt er dette heilt på høgde med dei seinaste Midnight Choir-utgjevingane. Ja, kanskje vi må tilbake til Amsterdam Stranded for å finne ei betre plate frå denne kanten.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)