Tag Archives: Helldorado

Helldorado – The Ballad of Nora Lee

Standard

Nye depresjonar frå rocken sitt svar på Louis Masterson.

cover

Det er vel berre å innrømme at visse deleriske tilstander erobra dei øvre kroppslege regionar i februar i fjor då Helldorado kom med sitt debutalbum Director’s Cut. Eit album som i si første jomfruelige veke fortona seg som ei heit, urovekkande og vital ferd gjennom golde og ugjestmilde territorium, vart omfamna med lovprising i heftige ordelag. Det ein gløymte litt bort i farta var å køyre grundige nok testar mot kjeldematerialet ein hadde ståande i hylla (les: Thin White Rope, Sixteen Horsepower, Divine Horsemen, Wall of Voodoo og Gun Club). Når det så vart gjort i vekene som fylgde kom Director’s Cut kanskje litt til kort. Men ei rett så bra plate var det (og er det) i alle fall.

I desse dagar har Rogalandskvartetten oppfølgjaralbumet klart. Og det er slett ikkje vanskelig å kjenne dei igjen. Surf-gitaren, ørkenvinden, desperasjonen og intensiteten vi har vorte kjent med er stadig dei dominerande faktorane. Den førnemnte deleriske tilstanden har likevel ikkje inntreft denne gongen. Kanskje mest fordi ein var litt betre forberedt, men også fordi det dukkar opp ein del litt matte sekvensar, spesielt i albumet sitt midtparti.

No snyt Helldorado oss absolutt ikkje for sterke augeblikk på The Ballad of Nora Lee heller. Sterkast i så måte er dei to låtane som rammar inn den tre kvarter lange seansen. Det innleiande tittelsporet er sannsynlegvis den beste låta bandet nokon gong har gjort. Ein episk, melodisk durkdriven og dyster ballade. «He swore he’d marry her or else he’d put her in the ground» står det å lese i nedre hjørne på det b-film inspirerte coveret. Sitatet er henta frå nemnte tittelkutt, og vert uttrykt av ein sjukeleg sjalu og hjerterå sheriff. Skånsellaust, og med klare fellestrekk med både Nick Cave, Jim Thompson, gamal western-ånd og det gamle testamentet, fortel Dag Vagle ein klassisk trekanthistorie med eit grufullt utfall.

Som avslutning vågar dei seg på Townes Van Zandt sin klassikar Waiting Around to Die. Og dei maktar faktisk å få fram den skjelvande fortvilinga og overmannande håpløysa som ligg og lurer bak kvar ord og tone. Så sjølv om versjonen ikkje heilt touchar Van Zandt-magi, er deira elektrifiserte utgåva absolutt eit kompetent forsøk.

Helldorado er stadig like djupt rotfesta i denne amerikanske western-, b-film-, pulp fiction- og sørstats-kulturen. Tekstane er ikkje grensesprengande lyrikk, snarare meir eller mindre vellykka omgangar med klisjear. Det er mord, faenskap, galskap og lengsler. Dei gjer det barskt og breibeint, men finn denne gongen også rom for litt mildare stemte tonar. Utan at dei kjem så altfor heldig i frå nett det. Dei strykardraperte balladane The Black Winds og So Long Ago er heller keisame affærar. Litt heldigare kjem dei frå eit forsøk på mariachi-fakter i A Drinking Song. Av det barskt rockande stoffet har singlevalet Helltown eit attraktivt råtass-gemytt. Endå betre er den intensiverande Nick Cave-injiserte hemnakta Down to the Water. Medan den vagt countryduftande og sterkt sci-fi-inspirerte Honky Tonk Aliens har visse melodiske kitle-evner.

Konklusjon: Albumet manglar nok litt av den spritluktande og blodsmakande eimen debut-albumet gav frå seg, men er likefullt ein habil oppfølgjar.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Helldorado – Director’s Cut

Standard

Hemningslaus og morderisk debut frå ein løfterik Stavangerbande.

cover  Det kan godt være at det finst, i alle fall i overført tyding, både ørken, sleipe hyener, lumske klapperslangar, ekle firfisler og hardføre kaktusar i Stavanger. Likevel er det veldig mykje i Helldorado si framferd her på deires album-debut som fører tankane mine i retning av det store og sagnomsuste kontinentet på andre sida av Atlanteren. Derfor trur eg like godt vi reiser frå heimbyen og startar på nytt.

Så la oss heller seie det slik:
Helldorado er ein spøkelsesby på den amerikanske prærien. Den ligg ein stad innanfor trekanten vi får hvis vi drar nokre linjer mellom Tucson, El Paso og Santa Fe. Byen er befolka av fleire tvilsamme individ pr. 100 innbyggarar enn nokon kjent stad i omegnen. Her er begrep som empati, sunn livsstil og Dagfinn Høybråten framandord. I hendene på dei fire unge karane frå Stavanger og deires medhjelperar framstår staden som ein morderisk rock’n’roll-variant av William Faulkner sin Yoknapatawpha County. Og i denne hemningslause soniske utgåva leverer dei like godt Director’s Cut med det samme. Ingen sensur, med andre ord, istaden snakkar dei rett frå ei whiskeydynka lever. Ved hjelp av skarpe tonar og ein rockemytisk og western-aktig ordsjargong skapar dei ein dyster, blodtørstig og livfull seanse. 11 låtar; fire mord, to sjølvmord, lumske kvinner, sjeleleg forkvakla menn, høg whiskeyfaktor og med djevelen sjølv som brannsjef. Jo, dei har all grunn til å kalle staden Helldorado.

Det heile er plassert i eit lydlandskap som passar stoffet perfekt. Låtskrivar Dag Vagle og hans menn har på langt nær funne opp dette heilt på eigen hand, dei er nok sterkt inspirert av amerikanske tone-dreierar som har trava rundt i distriktet ved tidlegare høve. Frå Link Wray (gitarfigurane til Vagle touchar denne legenden ved fleire høve) til Jeffrey Lee Pierce (det er til tider kort mellom melodilinjene som streifer Gun Club-sfærer). Frå særingen Roky Erickson (Don’t Shake Me Lucifer) til den like sære Lux Interior (I’m Cramped). Og sidan vi først er i gang kan vi jo også nevne David Eugene Edwards (Sixteen Horsepower), Guy Kyser (Thin White Rope) og Chris D. (Divine Horsemen). Du verden så kjekt det er med navnedropping!

Med utgangspunkt i alle dei ustabile tonane frå desse villstyringane brygger Vagle og kompani saman eit fortetta og skamlaust fascinerande rock’n’roll søl, som spenner frå seig stoner rock til hyperaktiv psychobilly. Og før seansen er ti minuttar gammal er det allereie utført tre mord. Blood Shack er surfgitar, Morricone, hyttetur, eit blodtørstig kvinneindivid og eit mord. Men «that was not the end of the song». For mannen som i første omgang drap i sjølvforsvar har nå bokstavelig talt sjølv blitt beten av (vampyr) basillen, og i den vekselvis dystert strykar-draperte og tungt skrallande balladen Lucy and Mary foretar han seg stygge ting. Så sjølv om angsten og angeren innhentar han til slutt, er han nok temmelig fortapt. Payrolled som fylgjer deretter er struttande riffrock, medan Diesel and Bones er seige og tunge saker.

Ein buldrande bass og eit heftig driv skrur i gang The Snake Girl Song, ei ny Lucy er i bildet og denne bør ein helst passe seg for. Kameraet fangar så inn ein sliten og motlaus vandrar. I den mektige salma Dead River fortel han om si reise gjennom «badlands» og «deserts», og har vel egentlig kun eit ynskje om å få møte den evige søvnen. Lengselen etter døden har og grepe tak i mannen vi møter i I’d Waited For This Days. Ein batalje som har ein viss likskap med Violent Femmes sin Country Death Song, men i Helldorado-kretsar løyser den fortvila familiefaren sine problem med å retta rifla mot seg sjølv. I det drivande countryrock-nummeret (med trykk på rock) Killer On the Highway, er det som tittelen indikerer meir grim oppførsel i vente. Medan den brunstige fyren i det melodisikre og punkdrevne singel-valget Teenage Queen nok får oppleve ei ung dame som ikkje er like enkel å hanskast med som han hadde tenkt seg. Women Shouldn’t Drink er omkvedet i nest siste låt, eit spenstig tilfelle som er total Crampsadelica. Berre at The Cramps ikkje har hatt så heftige saker på programmet sidan Psychedelic Jungle dagane sine. Tilslutt rir vi så inn i dei mørkaste nattetimane med langsomme, barske og blå rocketonar som følgesvenn i superbe Roadhouse, sånn like før «all hell breaks loose».

Det går sikkert an å henge seg opp i bandet sin flittige bruk av rockeklisjéer. Det synest eg imidlertid er heilt unødvendig, sidan dei har eit så friskt og gjennomført grep på denne mytologien at ein aldri blir sittande att med nokon som helst form for flau smak i munnen (her er det heller snakk om blodsmak i munnen). Så sleik opp saltet, hell ned Tequilaen, bit i den sure sitronbåten og lev ut ein urovekkande rock’n’roll drøm.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)