Tag Archives: Erik Fossen

Unknown Joe – My Secret Lookalike

Standard

Ein syngande musikkskribent og hans gode hjelparar.

cover  Erik Fossen skriv om musikk i Bergens Tidende. Han skriv bra, og har god musikksmak. Han likar veldig godt Wilco, Neil Young, Beatles, Lambchop og Bob Dylan. Sgt. Petter som i 2003 gav ut den fine countryrock plata It’s a Record er ein god venn av Fossen. Så når Fossen kler seg i musikkutøvar-drakt og kallar seg Unknown Joe er sersjanten fremste medhjelpar. Slikt blir det poprock med country- og visetonar av.

Det første som slo meg når eg sette på denne plata var; hmmm… Nick Drake? Den ideen har nok avteke ein del etterkvart, men det er noko med den halvkviskrande måten Joe syng på som minnar om Drake. Åpningssporet The Last Lost Song samt eit par andre har også noko Drake-aktig over seg i melodiføringa. Dette er likevel ikkje den dominerande kjensla lenger, den går meir i retning kompis Petter, tidleg Wilco og fleire av desse banda som miksa country og poprock på 90-talet. No Depression kalte vi det den gong.

Det finst avgjort saker på My Secret Lookalike som rettferdiggjer utgjevinga. Til dømes popsaken Everyone Tells Me med sine sympatiske harmoniar, eller den spretne og artige Happy Pants. Dei poptastiske og spektakulære utskeiingane overlet imidlertid Joe til andre. Det er meir musikk av det slentrande og bedagelige slaget denne karen har føre seg. Sjarmerende som på den lett daffande I Do Believe, med si trusvedkjenning til rock’n’roll og heile dens vesen. Fastast i countryklisteret sit fyren i den dugande og presist titulerte (Just Another) Country Song. Steelgitaren er sjølvsagt på plass, og er med å hale i land ein fin sak som New Stains In My Heart. Aller best trur eg likevel den melodisk poengterte og elegant countryrockande Something Like Soul er.

Nå er ikkje alt berre vel og bra med denne plata. Det finst spor av svakare karakter, og det heile kan bli litt vel likelydande å ta inn i ein jafs. Joe og hans medsamansvorne tek nok heller ikkje dei store sjansane, dei held seg på oppgådde stiar. Ved neste korsveg vil det truleg være eit smart trekk frå Joe å gjere som sin musikalske helt Jeff Tweedy og utforske litt meir uprøvd terreng. Men inntil den tid går det altså an å slenge beina på bordet og kose seg med fleire av låtane på My Secret Lookalike.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)